Professor Ann-Mari Brubakk i Trondheim er uroa over alkoholbruken blant gravide.

- Det mest skremmande er at barn som blir fødde med alkoholskadar nesten alltid utviklar alvorlege psykiske problem når dei blir vaksne, seier Ann-Mari Brubakk, professor i barnesjukdommar ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Ho er ein av dei leiande fagpersonane i landet på barn med alkoholskadar.


Eit glas for mykje

Brubakk er lite fornøgd med at mange meiner eit glas vin ein sjeldan gang er sunt - sjølv under svangerskapet.

- Alkohol er ei kraftig gift. Ho går til åtak på både hjernen og nervesystemet hos fosteret. Forsking frå USA viser at eit glas alkohol i veka kan vere nok til å gi barnet skadar, seier Brubakk.

Undersøkinga viser at alkoholskada barn blant anna kan få åtferdsproblem.

- Mange av desse barna har symptom på ADHD. Aukande alkoholbruk under svangerskapet hos unge kvinner kan derfor henge saman med ein aukande førekomst av ADHD. Førekomsten av alkoholskadar hos foster er rundt ein per 100 fødde. Cirka 5 prosent av alle barn har ADHD. Det er derfor mogleg at så mange som 20 prosent av ADHD-tilfella kan knyttast til bruk av alkohol i svangerskapet, seier professoren.


Null alkohol

Ho er fullstendig klar på at gravide ikkje bør røre ein drope alkohol - verken i svangerskapet eller mens dei prøver å bli gravide.

- Alkoholen skadar fosteret også før kvinna veit at ho er gravid. Eg fattar ikkje at kvinner tar sjansen på å nyte alkohol i samband med svangerskap, seier ho. Årsaka må vere at mange rett og slett ikkje veit betre. Informasjon om alkoholen sine skadeverknader på fosteret når ikkje fram.

Derfor blir ho òg oppgitt når legar står fram på tv og seier at gravide gjerne må ta seg eit glas vin for å kose seg.

 

Så mange som 600 born blir fødde med alkoholskadar kvart år her i landet. Mødrene veit ikkje at dei må halde seg heilt borte frå alkohol.

 

To undersøkingar frå Trondheim og Kristiansund viser at dei vordande mødrene rett og slett ikkje veit at det er farleg å drikke alkohol under svangerskapet.

Halvparten av dei seier at dei ikkje har fått eit klart råd om å slutte å drikke alkohol.

I Kristiansund viser undersøkinga at heile 16 prosent av dei spurde drakk ein del alkohol medan dei var gravide, og at dei visste lite om farane ved drikke alkohol under svangerskapet.

Det er ny internasjonal forsking som har fått ekspertar frå Sosial- og helsedirektoratet til å seie at det blir fødde så mange som 600 born her i Noreg med alkoholskadar.

Professor og barnelege Ann-Mari Brubakk meiner at totalavhald er det einaste sikre for gravide. Ho er uroa over norske kvinner sine alkoholvanar.

Britt Eidsheim har hatt ei tøff tid med ei adoptivdotter som har hatt mange plagar, og som ikkje utviklar seg som andre born. Årsaka er at den bilogiske mora drakk alkohol under svangerskapet.

Eidssheim meiner det er naudsynt å rope eit varsku når det gjeld gravide kvinner si haldning til alkohol.

 

Du kan lese informasjonen frå Helse Vest her. Du kan lese om undersøkelsen frå Trondheim og Kristiansund hos NRK her.

 

Norske kvinner tar ikkje konsekvensen av denne kunnskapen. Les ei tidlegare melding om dette her.