HjemNyheterBloggTidsskriftet Mot RusgiftOm FMRBli medBestill materiellArrangementerPresseEnglish
10099989796959492/939190898887868584838281807978777674/75737271706968676664/6563626160595857565554Abonnement
 

Temaer fra A til Å


Alkohol Rusbrus Alkohol og helse Alkoholfri livsstil Alkoholpolitikk Arbeidsliv Behandling Bokanmeldelser Cannabis Det Nytter Fakta om rusgifter Foreldre og barn Forskning Historie Avhengighetsbehandling Internasjonalt Kvinner Skadereduksjon Legalisering Linker Lover Metadon m.m. (LAR) Narkotika Narkotikapolitikk Overdoser Ordbok Positiv rus Psykisk helse Publikasjoner Rusgiftpolitikk Russ Skole (lærere og elever) Sprøyterom Studenter Terminologi Test ditt alkoholforbruk Rusgifter i trafikken
Hjem»Tidsskriftet Mot Rusgift»73»Emosjonell Elvedronning

Emosjonell Elvedronning

Når Hilde Klette (22) padlar ned farlege stryk, får ho ei ubeskriveleg kjensle.
Kjensla av meistring.

Padling
- Idet eg skal til å padla ned eit vanskeleg stryk, spør eg ofte meg sjølv kvifor eg utset meg sjølv for fare, seier vossajenta Hilde Klette. - Det går oftast bra, men det kan også gå dårleg. Først etter å ha padla ned stryket skjønar eg kvifor. Kjensla av å meistra noko som du absolutt ikkje trudde du skulle meistra er fantastisk. Når eg har padla ned ei utfordrande elv, kan eg leva på det i ei veke etterpå.


Fokus og sjølvtillit

Slik Hilde ser det, er fokus og sjølvtillit det viktigaste i padling.

- Ein må halda hovudet kaldt, konsentrasjon er ein føresetnad for at det skal gå bra. Feilmarginen er minimal, ein liten feil kan få fatale konsekvensar. Ein må fokusera på det ein skal gjera, ingenting anna. Det er eitt av mine svake punkt, som eg kan bli betre på.

- Sjølvtillit er også avgjerande. Dersom du gjer feil på elva, får ofte sjølvtilliten ein knekk. Då er det viktig å få bygd opp igjen sjølvtilliten raskast mogleg, for elles kan det gå verkeleg gale. Hilde har sjølv opplevd farlege situasjonar på elva, og har kjend på kroppen kor lite som skal til før det går gale.

- Ein gong gjorde eg ein stor feil, og hamna i elva ned eit farleg stryk. Då trudde eg verkeleg det var over. Etter det har eg vore mykje meir forsiktig, så det var nok eigentleg bra at det skjedde, seier ho tankefullt.

Padling verda over

Padling
Hilde Klette blei ganske tilfeldig bitt av padlebasillen for fem år sidan. Etter det har ho brukt alt av tid og pengar på padling.

- Eg kjøper nesten ikkje klede, alle pengane mine går til padleutstyr. Eg har berre éi dongeribukse! Hilde gliser.
I vinter reiste Hilde halve jorda rundt for å padla.
- På New Zealand er det mange fine elvar, i Nepal også. Men elvane på New Zealand er farlegare enn dei norske, for der kan det vera såkalla underspylingar. Og i Nepal måtte me vera forsiktige med å svelgja vatnet, for det er så forureina der. Det var vanskeleg, så eg blei sjuk. Trur eg blei vassforgifta. Men det gjekk bra, altså, smiler Hilde. Gjennom padlinga har Hilde fått venner frå heile verda. Skal ein tru Hilde, er elvepadlarane som ein einaste stor familie.

Tryggleik viktig

Elvepadlarar er svært opptekne av trygg-leik, og padlar aldri åleine. - Som padlar må du visa at du tek ansvar på elva, både i forhold til deg sjølv og andre.
Sjølv om fokuset på tryggleik er stort, hender det at padlarar druknar. - Det er sjeldan dødsulukker, men dei gongene det skjer, spør eg meg sjølv kvifor eg driv med dette, og kvifor eg padlar ned dei farlege stryka. Men padlarar er flinke til å kjenna sitt eige nivå, og unngår elvar og stryk som er for vanskelege. Likevel er det klart at sjølv den beste kan gjera feil.
- På den andre sida er det farlegare å køyra bil, legg ho til.

Fakta

Hilde Klette:

Alder: 22
Frå:: Voss

Yrke: Lærarstudent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Har drive med elvepadling i fem år.

Meistring som drivkraft

Når Hilde likevel padlar så mykje, heng det saman med meistringskjensla. - Drivkrafta er kjensla av å få til noko som eg i min villaste fantasi ikkje hadde trudd eg skulle klara. Eg hugsar då eg såg på dei gode padlarane i starten. Då tenkte eg at eg aldri ville klara det same.
- Padling er også ein utruleg fin måte å oppleva naturen og vera aktiv på. I tillegg har eg alltid likt meg i vatn.
- Og så er det mange kjekke gutar som padlar, flirer ho.

BORGHILD BERGE | tekst
ANDERS VEVATNE HEREID | foto

Kalender


Ingen oppføringer.



 
Forbundet Mot Rusgift, Torggata 1, 0181 Oslo, tlf 23 21 45 26, faks 23 21 45 01, e-post: post@fmr.no