HjemNyheterBloggTidsskriftet Mot RusgiftOm FMRBli medBestill materiellArrangementerPresseEnglish
10099989796959492/939190898887868584838281807978777674/75737271706968676664/6563626160595857565554Abonnement
 

Temaer fra A til Å


Alkohol Rusbrus Alkohol og helse Alkoholfri livsstil Alkoholpolitikk Arbeidsliv Behandling Bokanmeldelser Cannabis Det Nytter Fakta om rusgifter Foreldre og barn Forskning Historie Avhengighetsbehandling Internasjonalt Kvinner Skadereduksjon Legalisering Linker Lover Metadon m.m. (LAR) Narkotika Narkotikapolitikk Overdoser Ordbok Positiv rus Psykisk helse Publikasjoner Rusgiftpolitikk Russ Skole (lærere og elever) Sprøyterom Studenter Terminologi Test ditt alkoholforbruk Rusgifter i trafikken
Hjem»Tidsskriftet Mot Rusgift»73»Gira på livet

Gira på livet

Erik Syvertsen (28) får ei enorm livsglede av å ha døden pustande i nakken. Derfor hoppar han base.
- Når eg hoppar base, ser eg døden i augo, og rekk å oppfatta og skjøna kor nær døden eg er. Det får meg til å setja pris på alt ved livet. Eg merkar at eg lever, og får ei utruleg glede over livet. Det kan ikkje forklarast, det må opplevast, seier Erik Syvertsen frå Bergen
Erik skal basehoppe

Erik byrja med fallskjermhopping for fem år sidan, med basehopping som mål. For to år sidan gjennom- førte han sitt første basehopp, og sidan har det blitt cirka 139 til.

Intense kjenslestadier

Frå Erik reiser ut for å hoppa til han har landa, gjennomgår han ulike intenst emosjonelle stadier.
- Tankane byrjar ofte å kverna alt når eg pakkar utstyret, og det knyter seg til i magen. I bilen sit eg gjerne og visualiserer hoppet, og under gåturen opp fjellsida er konsentrasjonen på topp. Mellom anna må eg forsikra meg om at vêrforholda er bra nok. Når eg så når toppen, er det digg å sitja litt og berre nyta utsikten. Etter det er det tid for å kontrollera utstyret. Idet eg festar bryst-stroppen stig adrenalinet, og eg veit at det er ingen veg tilbake. Så går eg ut på kanten, og står der ei stund og psykar meg sjølv opp. Når eg forlèt kanten i fritt fall, er eg heilt roleg, og det kjennest ut som at eg har forlate denne jord. Eg får ei vanvittig fridomskjensle, og sanseinntrykket er enormt. Det er ein heilt utruleg visuell ting å fly ned langs fjellveggen. Veggen ser heilt annleis ut frå den vinkelen. Idet bakken nærmar seg får eg eit såkalla ground rush, og eg kastar piloten, altså fallskjermen. Dei 0,1 sekunda det tek frå eg kastar piloten til han opnar seg, kjennest utruleg lenge, og eg ser den sikre død i augo. Når skjermen omsider opnar seg, får eg ein enorm lukkerus, som gjer at eg er nøydd til å hyla høgt. Etter å ha landa trygt på bakken får eg ei salig kjensle i heile kroppen.

Erik i svevet

Mange typar rus

Ifølgje Erik får han ulike typar rus eller adrenalinkick alt etter kva stadium han er på.
- Før eg har hoppa er eg spent og nervøs, og kjenner det godt i magen. Idet eg hoppar utfor kanten, skjer det heilt klart noko rart i hovudet mitt. På mange måtar er nok kicket eg får minst like heftig som det junkiane opplever å få. Når eg hoppar, skjer det ein kjemisk reaksjon av eit eller anna slag, som fører til stor produksjon av dopamin, eit signalstoff i hjernen som gir auka kjensle av glede og velvære. Etter å ha landa er alt heilt fint, og eg får ei salig kjensle i kroppen. Eg blir oppgira og skikkeleg masete, og etterkvart blir eg trøtt og avslappa.


Livsønske

Fakta

Erik Syvertsen

Frå: Bergen

Yrke: Økonomi controller i Hydro.
Har drive med basehopping i to år, fallskjermhopping i fem.

Erik har alltid nokon med seg når han hoppar. - Det kjennest tryggast å ha andre med seg i tilfelle noko skulle skje. Eg er ofte den einaste som hoppar, men har iallfall nokon med meg som kan sjå at det går bra. Han er likevel ikkje i tvil om at det er kjekkast å hoppa saman med nokon. - Det er betre å dela opplevinga med nokon som skjønar det. Dei som berre står og ser på er liksom ikkje heilt på nett. Erik synest synd på alle som ikkje får oppleva å fly ned ein fjellvegg. - Basehopping gir meg ei enorm livsglede. Berre det å kjenna at eg lever, at ikkje noko er gale med meg er fantastisk. Du kan seia det sånn at eg har eit livsønske, ikkje eit dødsønske. Eg blir gira på livet av å hoppa base, konstaterer han.

BORGHILD BERGE | tekst
ANDERS VEVATNE HEREID | foto

Kalender


Ingen oppføringer.



 
Forbundet Mot Rusgift, Torggata 1, 0181 Oslo, tlf 23 21 45 26, faks 23 21 45 01, e-post: post@fmr.no