HjemNyheterBloggTidsskriftet Mot RusgiftOm FMRBli medBestill materiellArrangementerPresseEnglish
KontaktinformasjonLokallagIdegrunnlagKamp og kunnskap gjennom 100 år
 

Temaer fra A til Å


Alkohol Rusbrus Alkohol og helse Alkoholfri livsstil Alkoholpolitikk Arbeidsliv Behandling Bokanmeldelser Cannabis Det Nytter Fakta om rusgifter Foreldre og barn Forskning Historie Avhengighetsbehandling Internasjonalt Kvinner Skadereduksjon Legalisering Linker Lover Metadon m.m. (LAR) Narkotika Narkotikapolitikk Overdoser Ordbok Positiv rus Psykisk helse Publikasjoner Rusgiftpolitikk Russ Skole (lærere og elever) Sprøyterom Studenter Terminologi Test ditt alkoholforbruk Rusgifter i trafikken
Pionerportrett:

Idar Handagard (1874-1959)

Publisert 2005-09-28

- kunnskapsrik og idealistisk kulturarbeidar.

Idar Handgaard
Idar Handagard er ein av dei mange kulturarbeidarane som gjorde frå-haldsrørsla til noko meir enn berre ei rørsle som arbeidde for å hindre omsetting og bruk av rusmiddel. Han var fødd i Kristiansund og rekna seg som nordmøring, enda han berre var 12 år gammal då han flytta derifrå til Bergen. Frå 1893 studerte han medisin i Kristiania, og han fekk ein flott eksamen i 1905. Men ved sidan av medisinstudiet dreiv han forsking på andre felt, og i 1907 fekk han Kongens gullmedalje for ei avhand-ling om norske plantenamn. Same året fekk han og pris for den første nynorske læreboka i helselære: "Mannalikamen og helsa",ei bok som etter kvart kom i mange opplag.

I studietida engasjerte han seg aktivt i fråhaldsarbeid. Han gav opp den kristne grunngjevinga for fråhaldsstandpunktet som han hadde med seg heimanfrå, men la vekt på den naturvit-skapelege og etiske. Han skreiv dikt og bokmeldingar i "Menneskevennen", bladet til DNT, og han var med og fekk liv i Studentavholdslaget i Oslo igjen, som fekk ei stordomstid i dei åra Handagard var drivkrafta, på 1890-talet. Også i Oslo Avholdslag var han med, og fekk m.a. i gang amatør-teaterverksemd der.

Etter kvart var det som skribent og diktar Idar Handagard først og fremst blei kjent, og mykje av engasjementet vart knytt til målrørsla og aktivt arbeid for nynorsken. I 1905 stod han på ytterste venstre fløy i striden om sjølvstende og kongedømme, og han hadde mykje sans for Oscar Nissen, DNT-leiaren 1879-87 som vart leiar av Arbeiderpartiet frå 1906-11.

Idar Handagard kom ikkje til å praktisere som lege, men ville leve av måldyrkingsarbeid i medisin og botanikk. Han gav ut over eit halvt hundre bøker: lærebøkene i helselære og hygiene og fagbøker som "Doktorboki" (1913), "Vanlege sjukdomar" (1925), "Saftboki" (1915) og bøker med historiske og litteraturhistoriske emne. I 1932 gav han ut den første norske verselæra "Norsk verslæra", som i mange år var nytta som lærebok på universitetet. Idar Handagard var frå 1932 statsstipendiat som vitskapsmann.

Fråhaldsrørsla kom til å ha stor og varig glede av kunnskapane og skriveevna til Idar Handagard. Han skreiv ei lang rad artiklar frå fråhaldsrørslas historie, m.a. om "Afholds-arbeidet ved Kristiania Universitet" (1902), om Oscar Nissen (1943), Asbjørn Kloster (1950), Fredrik Tobias Knudsen (1927) og Carl Reynolds (1951), og om "Brennevinet. Kva tid kom det inn i Noreg? Når vart det ein vanleg rusdrykk her i landet?" (1951). Spesielt interessant er det litteraturhistoriske verket "En samfunds-ide og dens digtere I - II" som kom i 1915 saman med ein "Anthologi". Mange diktsamlingar gav han og ut, både på nynorsk og bokmål, og fleire av dikta er klassikarar i songbøkene i fråhalds-rørsla, t.d. "Syng vor sag i toner frem / syng den lydt og længe!"

Kjelder:

Handagard, I: Afholdsarbeidet ved Kristiania universitet. Afholdsvennernes Aarbog 1902
Bakken O./ Sundet O.: "Idar Handgard - mannen og livsverket hans". Globusforlaget 1944
Johnsen,H.:Norsk Avholdslitteratur II. Oslo 1954.
Søraa, Ø: Idar Handagard 85 år. (Folket 7/8-1959)
Norsk Allkunnebok bd. 5 (1953)
BIBSYS Søkeresultat Nasjonalbiblioteket.

Kalender


Ingen oppføringer.



 
Forbundet Mot Rusgift, Torggata 1, 0181 Oslo, tlf 23 21 45 26, faks 23 21 45 01, e-post: post@fmr.no