Ope møte om metadon 27. april 2005 kl 19.00:

Metadon - statsdop eller god hjelp?

Publisert 2005-04-15

FMR arrangerte ope møte om metadon onsdag 27. april 2005 kl 19.00 på Håndverkeren Konferansesenter i Oslo.

Panelordskifte med:

Bente Vindedal, forskar ved AIM ResearchBasedConsulting
Jon Storaas, leiar i RIO - Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon
Lise Aasmundstad, nestleiar i LAR-Nett, metadonbrukar
Mogleg representant frå MAR-Øst (Medikament Assistert Rehabilitering ved Helse Øst)

Knut Reinås, forbundsleiar i FMR, var ordstyrar.

Ope møte

No har det kome to evalueringsrapportar om lækjemiddelassistert rehabilitering og metadon. Båe rapportane var tinga av Sosial- og Helsedirektoratet. Rapporten frå AIM viser at talet på overdosar mellom deltakarane har minka. Høgterskelmodellen er vellukka. Likevel er det tydeleg at rehabiliteringsfasen bør få betre resultat. Det er òg store regionale skilnader. Sume kallar metadon eit tvieggja sverd. For to år sidan viste Folkehelseinstituttet til at ved 104 dødsdall i Noreg var det påvist metadon i blodprøva.

Metadon er eit syntetisk opioid som minkar suget etter heroin. Heroin i normale dosar vil ha mindre effekt. Metadon gjev liten eller ingen rusverknad etter innstillingsfasen. Det kan likevel vera fåre for overdose når metadon vert omsett på den illegale marknaden.

Personar som går på metadon, kan få etter måten kraftige og langvarige abstinensar når dei skal venja seg av med bruken av dette stoffet. Hjernen tilpassar seg inntak av rusgifter gjennom det dei kallar neuroadaptasjon. Det kan skapa nytt sug når ein person er avgifta og løysa ut attendefall hjå stoffavhengige som freistar leva eit stoff-fritt liv. Regjeringa har satsa ein del på lækjemiddelassistert rehabilitering og sette i 2004 av 30 millionar kroner til å skipa 85 nye tiltaksplassar i arbeidsmarknadstiltak.

Men er metadon eit vedundermiddel som løyser heroin-problemet? Finst det alternativ?

Du kan lese eit referat frå møtet her .