Om modell og forståing

Når me skal forså ein samanheng, tar me alltid utgangspunkt i ein modell av noko me kjenner. Eldre historieskriving var ofte oppteken av vekst og fall i ein stat. Modellen er menneket, livet eller året; alt har ein fødsel, barndom, ungdom, manndom og alderdom. Dette er ein effektiv forståingsmodell; ein modell som ein ikkje treng noko teoretisk innføring for å forstå. Tvert i mot er den så innlysande at det trengst refleksjon til å avsløra han. Det vert ofte posisjonen til avholdsfolk når dei skal definera språket omkring alkoholkulturen.

Om skjema som forståing og kommunikasjonsform

Etter som me veks inn i ein kultur, lærer me stadig fleire skjema, som effektiviserer kommunikasjonen mellom idivid og grupper, samtidig som dei hindrar kommunikasjon over grupper. I Norge forstår alle kva uheldig situasajon me har når me ikkje finn løkjelen når me endeleg kjem fram til hytta. Alle nordmenn har eit skjema for det å vera på hytta. For ein vietnameser derimot, sjølv om han kunne godt norsk, ville det være nødvendig å dra ei lang soge om nordmenn og fritid. Byfolk har eit skjema for det "å være på landet", mens nordbuarar har eit skjema for det "å vera i Syden". Dette skjemaet er nok ikkje identisk med det spanjolane har av det same.

I vår kultur har me mange skjema som er knytt opp til ein mannsdominert alkoholkultur. Dette er skjema som avholdsfolk stort sett forstår, sjølv om dei som har stillt seg utanfor alkoholtradisjonen. Skjemaet tegner seg mellom anna av i snakket før og etter ein fest; som fredagsshint og mandagskommentarar til sundagstilstanden.

Om språk, haldning og moral

Alle veit at vedlikehaldet i Russland er dårleg. Men korleis kan russarane sjå det så lenge det russiske språket, i fylgje Gorbatsjov, ikkje har noko omgrep for det halda ting i stand? Om ein skulle prøva å retta på dette, ville sannsynlegvis den einaste vegen å gå være å introdusera omgrepet vedlikehald for det russiske folket. Så kunne ein eventuelt sette i gang eit omfattande vølingsprogram.

Språk er makt. Me opplever stadig døme på at det ikkje er avholdsrørsla som har makta til å definera innhaldet i språket. Det har slått meg at at me godtek den vanlege oppfattinga av til dømes "å drikke" og "å feste". Utan å blunke godtek også me dette som synonym for å rusa seg.

Sjølv har eg hatt mykje gaman med å vedgå "at eg drakk i helga". Folk ser tvilande på meg, imponert over ærlegdom og med tru på at dei har fått innsikt i at sjølv avholdsfolk nyttar høvet til å leva det "gode liv" når dei ikkje blir sett av andre. Fleire gonger har eg også hatt moro av å påstå at det ser ut som det berre er avholdsfolk som ikkje kan overleva ei helg utan å drikka.

Innan avholdsrørla brukar me dette språket og snakkar høgt om "dei som drikk", og legg til at avholdsfolk ikkje drikk.

Formålet med denne artikkelen er ikkje å laga eit alternativt språk for avholdsrørla, men peika på at me ofte brukar dei same omgrepa som alle andre og at det derfor er vanskeleg å forstå kor djupt "drikke-kulturen" er reflektert i språket.

Problemet me møter kan samanliknast med det ein liberalist har når han vil kritisera kapitalismen, eller dei vanskane Gorbatsjov møtte då han skulle reformera Sovjet med ei russisk kommunistisk samfunnsforståing.

Kvinnerørsla har teke eit lite, men viktig og varig steg når dei fekk skifta ut omgrepet formann med leiar.

Sjølvsagt kan me endra omgrep, og om ein får andre til å nytta det, har me oppnådd noko viktig. Dette kan t.d. gjelda rusgift i staden for rusmiddel. Men om ei slik endring stengjer for kommunikasjon, så er det ikkje sikkert at me oppnår noko med å nytta det.

Dei som drikk og vi som ikkje drikk

Det mest sentrale ordet i denne samnhengen er det å drikka, og opphaveleg og nøytralt tyder det det å ta inn eller å suga inn veske gjennom munnen.

Det å drikka, å ta inn veske, er det viktigaste primærbehovet mennsket har og vi tilfører kroppen veske kvar dag heile livet for å kunna eksistera. Derfor må begrepet for denne handlinga stå sentralt i livet og bli reflektert i språket.

Men når ein ser nærmare på verbet å drikka så kan det sjå ut som det 90 % av variantane viser til inntak av alkohol eller refererer til rus, medan me greitt kan hevda at vi i 90 % av tida er oppteken av å tilføra kroppen giftfri veske.

Av dette kan ein slutta at mennesket er svært oppteken av den marginale aktiviten som det er å tilføra kroppen alkohol og at dette vert reflektert i dei indoeuropeiske språka.

Det som er skrive om å drikka, kan i stor mon overførast til ordet å festa eller fest, som av dei fleste vert oppfatta som ei samankome rundt eller med alkohol.

I denne samanhengen skal eg også sjå på ein del sentrale parallellar til drikka og festa og sjå om me finn dei same tilhøva.

Om me slår opp i Steinnes og Vandvik Latinsk Ordbok og finn verbet pòtò, er det omsett med: 1) drikka vinum 2) halda drikkelag, tura, 3) suga i seg 4) få ved drikking og drikka seg full.

Pòtòr: ein som drikk. Pòtrix: kvinne som drikk og turar. Pòtulens:drukken, rusa.

Her finn ein også verbet bibò (som er leidd frå pòtò) 1) halda drikkelag, drikka ein til 2) suga inn 3) lyda ihuga på einkvan.

Slår me så opp i Falk og Torp Etymolgisk Ordbog, finn me verbet drikke og får opplyst at dette er eit germansk ord, med variantar i heile Nordeuropa.

Verbet drikka kjem frå indoeuropeisk *dhre(e)g som har grunntydinga dra eller trekke(inn i munnen).

I Leiv Heggstads Gamalnorsk Ordbok finn me verbet drekka... halda og vera med i drikkelag, tura .. drekka jol.. drikka ein til.. drikka under bordet.. drikka opp pengane... Ei drekke tyder m.a. drikkelag og gilde.

Slår me så vidare opp i Aasens Norsk Ordbog, finn me verbet drikka: 1) søbe, indsuge en Væske, 2) holde sig til stærk drikk, svire, være drikkfeldig, drukken. Drikka jol: Holde Julegjestebud. Drikka Brudlaup: Være gjest i i et Bryllup. Drikka i seg: Taale (kritikk). Drikkar. Drikkelag. Drikkesykja. Drikking.

I moderne norsk kan ein finna ei rekke parallelle ord til det å drikka som vert knytt til alkoholbruk: Supe, pimpe, ta ein tår over tørsten, fukte strupen, drikke seg frå hus og grunn, drikke seg i hjel, drikkepress, utdrikkingslag, drikkfeldig.

Å feste og feire

"Skal du på fest?", kan vera eit nøytralt spørsmål, som og avholdsfolk kan svara ja til. Men om du samtidig vert spurt om du skal "ha deg ein fest i helga?", er ikkje spørsmålet til å ta feil av, fest er her synonymt med å drikke alkohol.

Å feste er synonymt med det å ha seg ein fest. Synonym for å feste er svira, rangla. (Han festa vekk pengane). Ordet fest er ei form av feira, som kjem frå latin feriae, og som tyder kviledag, ein dag der ein ikkje kunne halda rettsmøte.

Om ein slår opp i Aasen finn ein ikkje verbet å festa for å feira. Det same gjeld for verbet å feira. Desse verba må altså ha kome inn i nyare tid. Hos Aasen er substantivet fest er forklart med høitid.

No er det slik at orda feira og festa er nærskylde i moderne norsk, feira og feiring har eit offisielt drag, medan festa og fest har eit meir folkeleg drag. Verbet å feira har ei rekke tolkingar som i første omgang går utanom alkohol, som det å hylla nokon og markera noko. Men for båe formene vert det underforstått inkludert bruk av alkohol.

Det er ingen norsk gullvinnar som ikkje har vorte spurt av ein overivrig journalist om han skal feira sigeren. Av og til kan vi da få som svar at det nok ikkje blir feiring enno, berre ei samling rundt kaker og kaffe. Dette på trass av resten av Noreg er i ekse og idrettsmannen er høgt oppe.

Laurdag 05.10.97 vart nordmannen Kjell Asle Arvesen verdsmeister i landevegsritt på sykkel, noko som nok kom heilt uventa på dei fleste. Men Sportsrevyen "vekte" han sundags morgonen og spurte korleis han hadde det, og me fekk det svaret journalisten ville ha, nemleg at sykkelrittet var ute av kroppen, men alkoholen etter feiringa kvelden før, sat der enno.

Enno tydlegare kjem dette fram i Dagbladet 10.10.97. Under overskrifta "Fra derbytriumf til kolaps" skriv Bengt Berg om den norske storkusken Trond Skauen: "... Til tross for to derbyseirer .....med over en million..på seks dager, fiket depresjonene til ham. Skauen gikk ned for telling." Vidare står det "Jeg følte meg så veldig ensom, den natta på hotellrommet. Tårene rant. Jeg så plutselig veldig mørkt på livet. Jeg syntets alt var meningsløst", sier Tond Skouen til Dagbladet. Under mellomoverskrifta "Droppet alkoholen", skriv Dagbladet vidare at "Han feiret ikke millionseirene. For Trond Skauen har lagt champagnen til side. Den har skapt nok problemer for ham." ....

Denne teksten talar for seg sjølv, og fortel det vi veit om journalistar og det me anar om hestemiljøet.