Sjølv små mengder alkohol i svangerskapet kan gi barnet ubotelege skadar. Nyare forsking viser at så mange som eitt av 100 barn blir fødde med alkoholskadar.
Professor Ann-Mari Brubakk i Trondheim
er uroa over alkoholbruken blant gravide.
- Det mest skremmande er at barn
som blir fødde med alkoholskadar nesten alltid utviklar alvorlege psykiske
problem når dei blir vaksne, seier Ann-Mari Brubakk, professor i barnesjukdommar
ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Ho er ein av dei leiande fagpersonane i
landet på barn med alkoholskadar.
Eit glas
for mykje
Brubakk er lite fornøgd med at
mange meiner eit glas vin ein sjeldan gang er sunt - sjølv under
svangerskapet.
- Alkohol er ei kraftig gift. Ho
går til åtak på både hjernen og nervesystemet hos fosteret. Forsking frå USA
viser at eit glas alkohol i veka kan vere nok til å gi barnet skadar, seier
Brubakk.
Undersøkinga viser at
alkoholskada barn blant anna kan få åtferdsproblem.
- Mange av desse barna har
symptom på ADHD. Aukande alkoholbruk under svangerskapet hos unge kvinner kan
derfor henge saman med ein aukande førekomst av ADHD. Førekomsten av
alkoholskadar hos foster er rundt ein per 100 fødde. Cirka 5 prosent av alle
barn har ADHD. Det er derfor mogleg at så mange som 20 prosent av ADHD-tilfella
kan knyttast til bruk av alkohol i svangerskapet, seier professoren.
Null
alkohol
Ho er fullstendig klar på at
gravide ikkje bør røre ein drope alkohol - verken i svangerskapet eller mens dei
prøver å bli gravide.
- Alkoholen skadar fosteret også
før kvinna veit at ho er gravid. Eg fattar ikkje at kvinner tar sjansen på å
nyte alkohol i samband med svangerskap, seier ho. Årsaka må vere at mange rett
og slett ikkje veit betre. Informasjon om alkoholen sine skadeverknader på
fosteret når ikkje fram.
Derfor blir ho òg oppgitt når
legar står fram på tv og seier at gravide gjerne må ta seg eit glas vin for å
kose seg.
Så mange som 600 born blir fødde med alkoholskadar kvart år her i
landet. Mødrene veit ikkje at dei må halde seg heilt borte frå alkohol.
To undersøkingar frå Trondheim og
Kristiansund viser at dei vordande mødrene rett og slett ikkje veit at det er
farleg å drikke alkohol under svangerskapet.
Halvparten av dei seier at
dei ikkje har fått eit klart råd om å slutte å drikke alkohol.
I
Kristiansund viser undersøkinga at heile 16 prosent av dei spurde drakk ein del
alkohol medan dei var gravide, og at dei visste lite om farane ved drikke
alkohol under svangerskapet.
Det er ny internasjonal forsking som har
fått ekspertar frå Sosial- og helsedirektoratet til å seie at det blir fødde så
mange som 600 born her i Noreg med alkoholskadar.
Professor og barnelege Ann-Mari
Brubakk meiner at totalavhald er det einaste sikre for gravide. Ho er uroa over
norske kvinner sine alkoholvanar.
Britt Eidsheim har hatt ei tøff tid
med ei adoptivdotter som har hatt mange plagar, og som ikkje utviklar seg som
andre born. Årsaka er at den bilogiske mora drakk alkohol under svangerskapet.
Eidssheim meiner det er naudsynt å rope eit varsku når det gjeld gravide
kvinner si haldning til alkohol.
Du kan lese informasjonen frå
Helse Vest her.
Du kan lese om undersøkelsen frå Trondheim og Kristiansund hos NRK her.
Norske kvinner tar ikkje
konsekvensen av denne kunnskapen. Les ei tidlegare melding om dette her.