a) Det dreier seg i første rekke om medlemsverving og organisasjonsbygging. Det er imponerande å sjå korleis organisa-sjonen - med Studentavholdslaget i Kristiania/Oslo og med næraste omland som utgangspunkt - og med dårleg økonomi, satsar på agitasjonsopplegg, reiseverksemd og foredrag, med sikte på å få nye medlemmar, gjere organisasjonen kjent og inspirere til skiping av nye lag. Etter kvart som opplærings-tilboda blir bygd ut, blir det også viktig å etablere lag på dei nye skolestadene. Nye lag kjem t.d. raskt på plass på Hamar, i Elverum, i Skien og i Larvik. Og såleis blir det t.d. også lagt stor innsats i arbeidet i Trondheim då den tekniske høgskolen kom dit i 1910, og Trondheim vart "et litet centrum for den studerende ungdom Nordenfjelds".

Landsmøte i Hemsedal 1960
Her ser vi nokre tidlegare og daverande forbundsstyremedlemmar samla under NSUA sitt landsmøte i Hemsedal i 1960. I første rekke ser vi Eirik Himle, Inger Sollid og nyvald forbundsleiar, Liv Hatland. i andre rekke ser vi Jon Høgevold, Ditlef Hald og Martin Gran. I tredje rekke står Dagfinn Mannsåker, Bjørn Stigum og Hallvard Magerøy. Bakerst står Thor Bjarne Bore, Arne Sørli, Anders Føholm og Bjarne Rognlien

Men samtidig ser vi at organisasjonsbygginga ikkje gir stabil vekst, medlemstilgangen går i bølger, og mange av dei nye laga må ha gjenoppliving etter kortare eller lengre tid. Og som det heiter i 10-årsskriftet, "må man forstå hvor dobbelt vanskelig et ungdomsarbeide som NSUAs blir når dets ledelse skal stå under eksamens og militærtjenestens tegn."

b) Som eit ledd i organisasjonsbygginga blir også landsmøta arrangert rundt om i landet (jf Halden 1908, Stavanger 1911, Trondheim 1912, Bergen 1913, Ålesund 1916). Svært ofte er då vertslaget nokså svakt, men her er då gjerne solide "bakspelarar" som kan hjelpe til, slik t.d. Ask avholdslag stiller opp som vertar i Norderhov i 1922, lærar Rasmus Øvrelid i Volda i 1923 og rektorparet Øverås på Orkdal landsgymnas i 1930.

Det må og nemnast at NSUA raskt synest å ha blitt godt akseptert innanfor utdannings-systemet og i samfunnet generelt. Eit eksempel er forbundsmøtet i Oslo i juli 1907, som vart gjennomført i Nobelinstituttet sine lokale, med 130 deltakarar, og med velkomsthelsing av formannen i Nobelkomiteen, utanriksminister Jørgen Løvland, og med festtale av kyrkjestatsråd Otto Jenssen!

c) "Bakspelarane" - som etter kvart gjerne dreier seg om tidlegare sentrale NSUA-medlemmar - kan ein også sjå når ein les lista frå 1924 over "fylkesformenn" i NSUA. Desse har som spesiell oppgåver å danne nye lokallag og stimulere dei laga som finst. På denne lista finn ein t.d. rektor Asbjørn Øverås, Orkdal, overlærar Rasmus Øvrelid, Volda, pastor Karl Marthinussen, Bergen, og lektor Harald Goksøyr, Eidsvoll. Dette organisatoriske grepet førte elles med seg at NSUA på eitt år fekk 6 nye lokallag og mange nye medlemmar.

d) Skolering: Alt frå dei første åra blir det lagt stor vekt på skoleringsarbeid. Det blir drive foredragsverksemd og fore-dragskurs, starta publikasjon av småskrifter, abonnert på faglitteratur og "indkjøpt plancher fra landskomiteen for avholdsundervisning." Det blir lagt press på styresmaktene for å få til " en fyldigere undervisning i alkohollære for elever og vordende lærere"(1907), ei sak som det vart arbeidd med jamleg. Det første foredragskurset vart halde på Universitetet i Oslo i januar 1908, med ca 60 deltakarar, og etter dette vart det etablert eit eige foredragsutval. Mange av medlemmane i organisasjonen var eller vart kjende fagfolk innanfor rusfeltet, og kunne såleis halde foredrag med stor truverd, slike som Ragnar Vogt, Johan Scharffenberg, Karl Marthinussen og Otto Lous Mohr. Fleire av foredraga vart trykt opp som småskrifter etter at dei har vore halde som foredrag på universitetet eller i radioen først (jf "Seks foredrag om alkoholspørsmålet" frå 1933, "Drikkeskikkene og kampen mot dem", av Ragnar Vogt frå 1933, "Avholdssakens ide" av Otto Lous Mohr frå 1947, "Hvorfor avholdsmann?" av Karl Marthinussen frå 1962 ) Etter kvart blir det etablert eigne fora til å ta seg av mykje av denne kursverksemda og publiseringa, jf Landskomiteen for avholdsundervisning frå 1902, som frå 1930 fekk namnet Landsrådet for edruelighets-undervisning. Studieverksemda hadde og ein sentral plass utover på 1950-60-talet, og dei fleste skolane med NSUA-lag hadde studieringar i arbeid, med stort mangfald når det galdt tema.

e) Eit viktig tiltak i skoleringsarbeidet var å få laga ei god lærebok i alkoholspørsmålet. Arbeidet med ei slik bok vart tatt opp i 1932, og i 1934 kom første utgåve av NSUAs lærebok i alkoholspørsmålet, ei bok på 140 sider. Boka var laga med støtte frå Sosialdepartementet og godkjent av Kyrkjedepartementet, og blant forfattarane finn ein ei lang rekke av dei mest solide fagfolka i Noreg på denne tida, m.a. sokneprest Karl Marthinussen, dr.med. Ørnulv Ødegaard, overlege Johan Scharffenberg, rektor Erling Kristvik, og høgsterettsjustissekretær Bjarne Rognlien. Cand theol Jørgen Huseklepp var den som frå NSUA si side utarbeidde plan for boka og fekk dei nødvendige godkjenningane. Nye, reviderte og større utgåver av læreboka vart laga i 1953 og i 1961, under namnet "Alkoholen og samfunnet. NSUAs håndbok i alkoholspørsmålet", og gitt ut i regi av Landsrådet for Edruskapsundervisning. 3.utgåve var på heile 250 sider, og redaksjonsgruppa for den var lektor Bjørn Stigum, riksinstruktør Arne Sørli og lektor Arne Goplen. Sentrale forfattarar var Ørnulv Ødegård, Th. Kjølstad, Helge Seip, Olav Sundet, Steinar Hauge, Bjarne Rognlien, Øystein Søraa og Karl Marthinussen.

f) Blad: I opplysningsarbeidet kom det snart framlegg om å starte ein fast og regelmessig publikasjon, og slik vart "Symra" født alt i august 1906, med stud.jur Haakon Duckert og stud. philol Fredrik Paasche som dei første medlemmane av redaksjonen. Symra vart utgitt jamleg fram til 1940 - og dette tidsskriftet utvikla seg i mellomkrigsåra til eit solid tidsskrift som både skulle fungere som medlemsblad, nyheitsblad og opplysningsorgan for NSUA, men etter kvart mest som eit tidsskrift som skulle gi "sakkyndige artikler om aktuelle teoretiske eller praktiske spørsmål innenfor rusdrikkpolitikken eller avholdsbevegelsen." I 1932-33 var opplaget av "Symra" 1700. Seinare kom i tillegg "NSUA" 1933-34, og deretter "Kamp og Kunnskap" frå 1935. - Når det gjeld opplysningsarbeid, må elles nemnast at NSUA i 1922 etablerte eit eige presseutval som utover på 1920-talet forsynte fråhaldspressa og aviser elles med opplysande artiklar om alkohol og edruskap. Heile 326 artiklar vart t.d. spreidd frå 1.mai 1923 til 30.april 1924, og 157 artiklar året etter. Bjarne Rognlien var ein nøkkelperson i dette pressearbeidet.

g) Kunnskapsprøver: Først på 1930-talet vart spørsmålet om å arrangere prøver i alkohol-spørsmålet tatt opp, m.a. inspirert av liknande prøver i Sverige, England og Finland, og i "Symra" 4/1932 finn vi ei solid utgreiing om spørsmålet. Målgruppa for prøva er studentar ved høgre skolar og lærarskolar, og siktemålet er "at dei unge skaffer seg solide kunnskapar om alle sidor av dei største sosiale problem dei møter". Dei første prøvene vart arrangert for medlemmar av NSUA i mars 1936, og då med 16 deltakarar. Frå hausten 1936 vart NSUAs Lærebok i Alkoholspørsmålet lagt til grunn for prøva, og det vart opna for deltaking frå andre organisasjonar. I 1954 var det 191 som tok prøva, og det var 1276 som til då hadde avlagt kunnskapsprøva i alkoholspørsmålet. Siktemålet med prøva var å styrke kunnskaps-nivået blant fråhaldsfolk, slik at dei kunne grunngje standpunkta sine og delta på ein god måte i samfunnsdebatten. Før prøva var dei fleste deltakarane med på studieaktivitet knytt til NSUAs lærebok i Alkoholspørsmålet og til namngjevne lærebøker i samfunnskunnskap. Prøva vart arrangert til ut på 1970-talet.

I 1948 starta NSUA i tillegg Prøva i samtidsorientering, som utover på 1950- og 60-talet vart eit svært stort tiltak, med mange titals tusen deltakarar kvart år, t.d. 100 000 i 1964 og 130 000 i 1973. Dei fleste deltakarane var elevar i vidaregåande skolar. I minneartikkelen til Thor Bjarne Bore (Mye å takke for), får vi meir informasjon om denne prøva, som vart arrangert siste gong i 1975.

h) NSUAs Framtidsfond: I 1913 vart grunnlaget gitt til eit "framtidsfond" for NSUA, gjennom ei gave på kr 0,84 frå Birger Knudsen, seinare direktør i Norsk Telegrambyrå. Same dag og dei næraste dagane kom bidrag frå ei rad kjente personar, som Adam Egede Nissen, Katti Anker Møller, stats-råd Lars Abrahamsen, statsminister Gunnar Knudsen o.a. Målet var å bygge opp eit fond på 25 000 kr, der rentene skulle gå til NSUA-arbeidet. I 1954 var fondet på 22 700 kr, og NSUA fekk på den tida halvparten av renteinntektene til drifta.

i) Felles kjenneteikn: Medlemsmerke: NSUAs 5-takka stjerne er kjent alt frå 1905. Dette var ei nål som vart utvikla som eit felles merke for studentfråhaldsrørsla i alle dei nordiske landa. Som spesielt heidersteikn utvikla NSUA eit eige merke: gullstjerna. I 1929 fekk t.d. overlærar Rasmus Øvrelid, Volda, gullstjerna som den 7. person i NSUA-historia.

Song: I februar 1907 gjorde styret vedtak om at det skulle lysast ut konkurranse om ein forbundssang. Det kom fleire framlegg, men den som vann, var stud.philol Fredrik Paasche med sin "Forbundssang", som starta slik: "Vi kommer med ungdommens ranke mot, og kundskapens adel i eie" ("Symra", juni 1907). Forfattaren fekk tildelt førstepremien på kr 5, men han gav premien tilbake til forbundet som start-grunnlag på eit fond som skulle skaffe fane for NSUA. Johan Fredrik Paasche (1886-1943) vart i 1920 den fjerde personen blant NSUA-medlemmane som vart professor - etter dr.med Ragnar Vogt, dr.juris N.Gjelsvik og dr.philos Didrik Arup Seip. Paasche vart professor i norsk litteratur, men måtte flykte frå nazistane og døydde i Stockholm.

Fane: NSUAs fane vart laga på grunnlag av eit utkast av ingeniør Ditlef Hald, og avdekt under forbundsmøtet i Bergen i 1912. Fana var lagra i Oscarsgata i Oslo, og vart dessverre borte under krigen.

Songbok: Ei songbok vart også laga svært tidleg, og i 10-årsskriftet er nemnt at det i 1913 vart laga ei ny songbok for NSUA "væsentlig forøket og forandret fra den gamle". Songboka var utarbeidd av cand.mag. Didrik Arup Seip (frå 1916 professor i norsk språkvitskap) og studentane Wendelbo og Knudsen, og med omslagsteikningar av stud.med Harald Hanson.

j) Nordisk og internasjonalt samarbeid: Som nemnt vart eit "Nordens studerende ungdoms avholdsforbund stifta i Jønkøbing i Sverige i juli 1903, før nasjonalforbunda i Norge og Danmark var stifta. Det nordiske forbundet var viktig i etableringa av NSUA, men sovna nokså raskt inn. Derimot vart det i 1907 tatt initiativ for å etablere eit internasjonalt forbund for fråhaldsfolk blant studerande ungdom. Eit slikt forbund vart stifta i Stockholm 2.august 1907. Ragnar Vogt var her med som norsk representant. Rundt 1930 er det stor aktivitet i det internasjonale arbeidet, særleg knytt til "The World Student Federation against Alcoholism", som også gir ut magasinet "The International Student". I tillegg til dei nordiske landa og USA omfattar arbeidet m.a. dei baltiske statane, Polen, Jugoslavia, Bulgaria,, Tyskland, Sveits, Nederland og Belgia.

Det nordiske samarbeidet vart etter kvart styrkt igjen ved gjensidige besøk på dei nasjonale forbundsmøta, og under markeringa av NSUAs 10-årsjubileum i Kristiania i 1914 vart det også arrangert nordisk møte med fyldig deltaking frå Sverige, Finland, Danmark og Norge, og denne utvekslinga av besøk til landsmøte og konferansar, har halde seg oppe så lenge det har vore aktivitet.

"Teologtid" og "filologtid"

Det er interessant å registrere utviklinga i lokallag og talet på medlemmar frå den første tida og framover. Svært mange av dei tidlegaste laga var knytt til by-gymnas, men desse er i stor grad blitt borte før 20-årsjubileet. Elles var det stor aktivitet ved ein del lærarskolar (Hamar, Elverum, Notodden, Stord, Volda, Levanger), men her endra situasjonen seg etter kvart som elevane på dei 4-årige linjene forsvann til fordel for student-elevane. Etter kvart vart det ved landsgymnasa at NSUA fekk best tilgang på nye medlemmar (t.d. Eidsvoll, Hornes, Bryne, Voss, Firda, Volda) og medlemmane herifrå kom i stor grad til å danne kjerne-gruppene i Studentavholdslaget i Oslo, som heile tida har vore det berande laget for organisasjonen. Men sjølv om talet på utdanningsinstitusjonar har blitt bygd ut, særleg etter 2. verdskrigen, har organisasjonen aldri makta å samle meir enn 1200 -1500 medlemmar.

Også utdanningsmessig har det vore ulike fag som meir enn andre har prega organisasjonen. Frå den aller første tida var det som nemnt teologar som var sentrale, og seinare hadde organisasjonen ei teologtid rundt 1930, med Olav Skarstein og Berge Øverland som framståande representantar. Legar har det vore ein del av, og Ragnar Vogt og Johan Scharffenberg står her fram som dei fremste. Mange juristar har prega organisasjonen, som Bjarne Didriksen, Mix Anker Møller, Bjarne Rognlien og Trygve Låke. Perioden frå 1934 til rundt 1960 blir gjerne karakterisert som filolog-tida, og framståande representantar her er Kristoffer Dannevig Haave, Dagfinn Mannsåker og Halvard Magerøy. På 1960-talet kjem dei nye samfunnsvitskapane inn, med t.d. Stein Berg og Knut T. Reinås som framståande representantar.

Krig og gjenoppbygging

På det siste forbundsmøtet før krigen, vart stud. philol Dagfinn Mannsåker valt til formann. Organisasjonen hadde då gjennomført ei sanering av medlemslistene, og styret melde om ca 200 medlemmer og 7 lag. Då krigen kom til Noreg 9.april 1940, var det publisert eitt nummer av "Kamp og Kunnskap" dette året. Det varsla om at forbundsmøtet 1940 skulle vere på Firda gymnas på Sandane om sommaren. Men dette forbundsmøtet vart det ikkje noko av. Etter kvart stoppa den ordinære aktiviteten opp, men mange av medlemmane var engasjert i illegalt arbeid, m.a. ved hjelp av NSUAs skrivemaskin og stensilmaskin. I 1943 vart også Universitetet i Oslo stengt. Og forbundsstyremedlemmane vart spreidde til Sverige eller Tyskland.

Hausten 1945 starta NSUA-arbeidet opp igjen, nesten heilt frå bar bakke. Stud. philol Halvard Magerøy vart vald til ny leiar på forbundsmøtet på Ringerike, og medlemstalet kom raskt opp i rundt 800. Av nye tiltak som vart sett i gang, kan spesielt nemnast Prøva i Samtids-orientering som starta i 1948. Dette året kom også riksinstruktørordninga, som vart etablert saman med Norsk Læreravholdslag. Den første riksinstruktøren var Bjørn Stigum. Fleire av dei personane som har skrive minne frå si NSUA-tid , har vore riksinstruktørar, t.d. Viggo Jørgensen, Leif Vinsrygg og Ragnhild Sælthun Fjørtoft. Riksinstruktørordninga vara til ut på 1980-talet.

Fra "Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund N.S.U.A. 1904 - 1914"

N.S.U.A.s opgave
Av overlæge JOHAN SCHARFFENBERG.

I et styremøde kom vi tilfældigvis til at se paa et gruppebillede fra et af N. S. U. As landsmøder. Det var saart at faa vide, hvor mange af deltagerne senere havde opgivet afholdsstandpunktet, - den ene for en sangfærds skyld, den anden for en udenlandsreises, den tredie, fordi han fandt, at totalafhold var for stort et offer o.s.v. Endog flere, som havde været ivrige forkjæmpere for bevægelsen, havde siden selv forladt den. Jeg skriver ikke dette for at gaa i rette med de unge, som vi mistede, men for at spørge: hvor ligger skylden - hos dem selv eller hos N. S. U. A. eller kanske hos afholdsbevægelsen overhovedet?"Ungdomssind er som vind", heder det, og derfor bør det ikke undre eller forarge, at de unge let skifter standpunkt, at deres "holdning" stundom minder mer om veirfløien end om kompasnaalen.

Men for bevægelsens ledere er dette et varsko om ikke at øve for stærkt tryk paa vaklevorne sind for at faa dem ind i vore foreninger. Det er bedre for bevægelsen, at de aldrig kommer, end at de kommer og gaar. Heller en langsom, men sikker vækst med tilgang af medlemmer, for hvem totalafhold er blevet en rodfæstet overbevisning, end massetilløb og massefrafald. Rigtignok er svage og svaiende sind langt mer end de faste og stø udsat for i livets løb at blive alkoholikere, forsaavidt skulde det være særlig ønskelig at vinde netop disse for at bevare dem. Men N. S. U. A.s hovedopgave er ikke det individuelle redningsarbeide; dette kræver et indgaaende taalmodigt arbeide med den enkelte, som et ungdomsforbund ikke har leilighed til at drive, fordi dets fleste medlemmer mangler den nødvendige sjælekundskab og livserfaring.

Oftest skyldes vel omslaget, at overbevisningen om totalafholds-principets rigtighet ikke endnu har været et tilstrækkelig fast værn mod omgivelsernes spot og fristelser. Nogle var kanske overbevist med forstand, men ikke med sin følelse; de længte-de lønlig efter at leve som kameraternes flertal og mente, at totalafhold var et tab, et offer af livslykke. Da kræves der bare nogle flotte fraser, nogle skingrunde for at gjøre omslaget forsvarligt for vedkommendes egen dom; de fleste mennesker "mener" nemlig det, de ønsker at mene, og ikke det, som logisk tænkning tilsiger.

Andre var kanske en stund overbevist med sin følelse, men ikke med sin forstand, og den stemningsbølge, som bar dem ind i bevægelsen, sank atter, og andre følelser havde da desto lettere for at drive dem ud igjen, fordi der slet ikke var nogen intellektuel modstand at overvinde.

Afholdsbevægelsen bygger i lige grad paa forstands- og følelses-hensyn. Derfor blir den enkeltes afholdsstandpunkt først solid, naar baade hans forstand og følelse er vundet. Ingen anden burde aflægge et livsvarigt afholdsløfte. Det er rigtigt, at N. S. U. A og lignende ungdomsforbund ikke kræver løfte paa livstid, fordi de unge ikke som regel er saa klare over sig selv, saa sikre i sin dom - trods al skraasikkerhed - at de bør love noget for hele livet.

I hvervningsarbeidet maa N. S. U. A.s forkjæmpere holde sig dette for øie; de skal tale baade til forstand og følelse. Men da maa de først og fremst selv være klare over totalafholdsprincipets begrundelse, de maa kjende alle indvendingerne, de maa i sit eget sind redelig have tænkt dem gjennem og gjendrevet dem, og kjæmper de med egne tvil, skal de ikke søge at vinde andre, før de selv er kommet til fred og tryghed. Den, som maa bekjende: "Jeg tror - hjælp min vantro", du er ikke til at omvende andre.

Arbeidet i N. S. U. A.s foreninger maa saaledes først og fremst sigte paa at uddybe kjendskabet til alkoholspørgsmaalet og forstaaelsen af totalafholdstanken. Paa den maade vil vi efterhaanden, langsomt, men sikkert opdrage en skare ungdom, som i sin livsgjerning som lærere og læger, prester og dommere, ingeniører og officerer o.s.v. faar rig leilighed til at fremme afholdssagen i ord og daad. Mest paakrævet er det utvilsomt nu at arbeide for et omslag i den udpræget afholdsfiendtlige stemning, som i vort land raader inden overklassen, hvis holdning væsentlig tager form af dagspressens daglige dryp af ondskap og haan mod afholdsbevægelsen. Lige-overfor denne stemning staar afholdsfolk af underklassen omtrent magtløse; deres ord naar sjelden ind i overklassekredsene og har vanskelig for at vinde dem. De afholdsfolk, som skal kunne virke paa overklassens i dette punkt særlig forhærdede sind, maa selv staa paa høide med den i dannelse, dygtighed og formel evne og dertil eje karakterstyrke nok til at hævde sit afholdsstandpunkt, selv om de staar alene med et helt selskab mod sig, og selv om deres egen karriere sinkes ved den upopularitet, de derved paadrager sig.

Det er derfor meget at ønske, at N. S. U. A. særlig maatte kunne drage den evnerigeste, flittigste og stærkeste ungdom til sig. Vore agitatorer skulde lægge særlig vægt paa at vinde førerne inden den studerende ungdom.

Men dette arbeide inden overklassen er ikke den eneste fremtids-opgave, N. S. U. A.s medlemmer skal ruste sig for. Ogsaa den store folkelige afholdsbevægelse trænger i høi grad kræfter med højere dannelse end folkeskolens.

Den totalafholdne studerende ungdom har bedre forudsætninger for at forstaa og bruge den videnskabelige literatur om alkoholspørgsmaalet og bliver derved i stand til at rense agitationen for feil og overdrivelser, udbytte forældede, rustne og stumpe vaaben med nye, blanke og skarpslebne og hindre hele bevægelsen fra at stivne i dogmatik. Det er de brede lags store ære, at de har baaret afholdsbevægelsen frem til dens nuværende magtstilling trods overklassens modstand. Men det har ikke kunnet undgaaes, at afholdsbevægelsen derved samtidig har faaet et underklassepræg. N. S. U. A skal saavist ikke prøve at sætte noget snobbepræg paa den, men efterhvert som vort forbund vokser, og dets medlemmer gaar ud til sit arbeide i og for folket, skal de søge at slibe bort uskjønne kanter og særheder, saa afholdsbevægelsen træder frem i al sin ideelle skjønhed som en stor almenmenneskelig kamp for det hele samfunds sundhed og lykke.

N. S. U. A. bør saaledes virke som en skole, hvorfra afholds- bevægelsen faar talere og skribenter, som evner at tage kampen op med selv de mest oplyste modstandere.

Men vore medlemmer skal ikke tjene denne sin værneplikt, før de er modne til det, dertil er kampen nu altfor haard og ond i vort land. Vor ungdom skal ikke segne, saaret i sjælen af alkoholpressens giftpile; først skal den have faaet erfaringens rustning.

Selv om N. S. U. A. paa landsmødet i Trondhjem 1912 strøg bestemmelsen om neutralitet i afholdspolitiken, bør i hvert fald skoleforeningerne fremdeles holdes strengt udenfor afholdspolitiken og fjærnt fra al offentlig optræden. Hertil kommer, at den studerende ungdom ikke har synderlig tid at ofre paa arbeide udad, hvis dette ikke skal hemme den i dens egen uddannelse. Forældrene bør aldrig faa skjellig grund til at sige, at deres barn fik en daarlig eksamen, fordi N. S. U. A og afholdsbe-vægelsen tog formeget af deres studietid. Kun den tid, anden ungdom søler bort med kortspil og lignende unyttige adspredelser, skal N. S. U. A.s ungdom ofre afholdssagen.

Dette maa endelig ikke misforstaaes, som om N. S. U. A.s medlemmer skal forsage al naturlig fornøielse! Tvertom. Først og fremst det sunde friluftsliv ude i naturen til fods, paa ski og skøiter, paa cykle eller i baad maa N. S. U. A.s ungdom aldrig forsømme. Men ogsaa det kameratlige liv i foreningens møder og fester skal præges af naturlig livsglæde Her har N. S. U. A. netop den særlige opgave at føre det praktiske bevis for alkoholens fuldstændige overflødighed for et smukt og glædebringende festliv. Vi skal vise, at det ikke er noget "offer", nogen "forsagelse" af livsglæde, naar ungdommen ligesaalidt vil bruge alkohol som opium.

En af det 18de aarhundredes mest kjendte læger, schweizeren Albrecht von Haller (1708-1777) var afholdsmann. Han var en af den moderne fysiologis forløbere og vandt ogsaa ry som botaniker, digter og politiker. I sit berømte digt "Die Alpen" (1782) siger han til indbyggerne i de egne, hvor der ikke kan dyrkes vin:

"Beglückte, klaget nicht! Ihr wuchert im Verlieren ; Kein nöthiges Getränk, ein Gift verlieret Ihr! Die gütige Natur verbietet ihn den Thieren, Der Mensch allein trinkt Wein und wird dadurch zum Thier"

Til dette syn paa alkoholnydelsen maa N. S. U. A. søge at føre sin ungdom. Da vil vort forbund kunne gjøre en vigtig indsats i det norske afholdsarbeide, selv om historien skulde komme til at fortælle, at vi først kom med i den ellevte time. Det kan dog faa indflydelse paa kampens udfald og seirens varighed.

Johan Scharffenberg