HjemNyheterBloggTidsskriftet Mot RusgiftOm FMRBli medBestill materiellArrangementerPresseEnglish
KontaktinformasjonLokallagIdegrunnlagKamp og kunnskap gjennom 100 år
 

Temaer fra A til Å


Alkohol Rusbrus Alkohol og helse Alkoholfri livsstil Alkoholpolitikk Arbeidsliv Behandling Bokanmeldelser Cannabis Det Nytter Fakta om rusgifter Foreldre og barn Forskning Historie Avhengighetsbehandling Internasjonalt Kvinner Skadereduksjon Legalisering Linker Lover Metadon m.m. (LAR) Narkotika Narkotikapolitikk Overdoser Ordbok Positiv rus Psykisk helse Publikasjoner Rusgiftpolitikk Russ Skole (lærere og elever) Sprøyterom Studenter Terminologi Test ditt alkoholforbruk Rusgifter i trafikken
Hjem»Om FMR»Kamp og kunnskap gjennom 100 år»Del II 1930-1980»Minne frå NSUA-laget "Von" i Volda
Johan H. Grimstad:

Minne frå NSUA-laget "Von" i Volda

Publisert 2005-09-30

Eg var elev ved lærarskulen i Volda 1947-1951 og kom då med i NSUA-laget. Det var visst heller lite aktivitet i dette laget - slik eg hugsar det. Men då må eg straks nemne at IOGT-losjen "Aasmund Vinje" var i godt gjenge og hadde mange medlemer. Losjen hadde ofte møte, takka vere Vilhelm Kvalheim - lektor ved Lærarskulen fram til midten av 40-talet.

Mitt medlemskap i NSUA - som lite nok la oppgåver på meg, førde meg likevel til møte med landskjende personar som t.d. Johan Scharffenberg o.fl.. Saman med Harald Flø vart eg vald til utsending for Volda-laget til landsmøtet på Ringsaker. (Eg har ikkje noko notat som kan slå fast årstalet!) Eg har mange minneglimt frå dette Landsmøtet og her kjem namn fram - saman med alt nemnde Johan Scharffenberg - Halvard Magerøy, Dagfinn Mannsåker, Sigurd Birkelund, og sjølvsagt kameraten min frå Hareid og Volda, Harald Flø. - Ein av møtedagane siglde vi på Mjøsa, kryssa "storevatnet vårt" og var over til Aulestad, Bjørnsons gard.

Det ligg enno i meg for ei sterk oppleving det var å høyre om diktarhovdingen vår, og vere gjest i tunet hans! Etter skuletida i Volda, har eg ikkje hatt samband med NSUA, men som eit lite poeng kan eg nemne at eg kom til å ha NSUA-nåla på jakkeslaget relativt lenge. (Ein hadde "beste-kleda" lenge på 40- og 50-talet!)

- Med dette mi beste helsing til gamle NSUA-medlemer, og lukke til med markeringa!

Johan H.Grimstad, Hareid

Kalender


Ingen oppføringer.



 
Forbundet Mot Rusgift, Torggata 1, 0181 Oslo, tlf 23 21 45 26, faks 23 21 45 01, e-post: post@fmr.no