HjemNyheterBloggTidsskriftet Mot RusgiftOm FMRBli medBestill materiellArrangementerPresseEnglish
KontaktinformasjonLokallagIdegrunnlagKamp og kunnskap gjennom 100 år
 

Temaer fra A til Å


Alkohol Rusbrus Alkohol og helse Alkoholfri livsstil Alkoholpolitikk Arbeidsliv Behandling Bokanmeldelser Cannabis Det Nytter Fakta om rusgifter Foreldre og barn Forskning Historie Avhengighetsbehandling Internasjonalt Kvinner Skadereduksjon Legalisering Linker Lover Metadon m.m. (LAR) Narkotika Narkotikapolitikk Overdoser Ordbok Positiv rus Psykisk helse Publikasjoner Rusgiftpolitikk Russ Skole (lærere og elever) Sprøyterom Studenter Terminologi Test ditt alkoholforbruk Rusgifter i trafikken
Hjem»Om FMR»Kamp og kunnskap gjennom 100 år»Del II 1930-1980»Studiearbeid og "Hugali" - konferanse
Jostein Kallset:

Studiearbeid og "Hugali" - konferanse

Publisert 2005-09-30

Jostein Kallset, Tingvoll, er fødd i 1928, og voks opp på ein gard i Torjulvågen. Som 14-åring fekk han poliomyelitt, og i staden for gardsarbeid vart det då først realskole, så gymnas , og deretter studiar i Oslo, før han kom tilbake til Tingvoll, først som lektor og seinare rektor i Fræna og på Tingvoll.
Jostein Kallset

Jostein Kallset var lektor ved Tingvoll Gymnas frå 1959, forbundsleiar 1955-57 og mentor for NSUA-laget der opp gjennom 60-talet.

"Det var ein tannlege på Tingvoll som rådde meg til å ta gymnaset på Voss. Eg har vakse opp i ein avholdsfamilie, og det var ein aktiv IOGT-barnelosje og losje i Torjulvågen då eg vaks opp. Men det var på Voss eg vart kjent med NSUA. NSUA-laget "Hugheil" var aktivt då eg var på Voss 1946-49, og ekteparet Tylden var viktige kontaktpersonar for oss. Lektor Per Tylden studerte til doktorgrad langsmed, og vart seinare professor i norsk i Trondheim. På møte i "Hugheil" var det ikkje uvanleg at 30-40 personar deltok.

Etter eit halvtårsvikariat på framhaldsskolen på Veidholmen på Smøla og deretter på ein 3-delt folkeskole i Ballangen, bar det til Oslo for å studere. Der kom eg med i NSUA igjen. Det var ein del styr med pengar som var innsamla til ein alkoholfri studentheim, og desse pengane prøvde vi å få plassert i ei eiga avdeling då studentbyen på Sogn skulle byggast, men det vart ikkje noko av. I 1951 vart eg landsstudieleiar i NSUA, og samtidig vart eg med i styret i Studiesamnemnda. Det var ganske mange studieringar og kurs rundt om i laga. Mange av dei dreidde seg om generelle samfunnsspørsmål. Det viktigaste kurset var studiekonferansen vi arrangerte på

"Hugali" i Valdres. I tilknytning til den vart det også etter kvart arrangert lands-møte i NSUA. Dette var økonomisk gunstig, for det gav statlege tilskott til opphald og reise. I perioden 1955-57 vart eg formann i NSUA. Vi hadde ein sekretær, og elles var det fleire dyktige med i styret, som Bjørn Stigum og Sigurd Birkelund. Erling Sørli var ein god støttespelar i Landsrådet for Edruskapsundervisning. Eg hadde og ein del kontakt med Øystein Søraa i "Folket". Det var lite av reising rundt om i landet. Vi hadde ikkje så mange lag i NSUA i mi formannstid. Studentavholdslaget i Oslo var fundamentet. Mesteparten av arbeidet mitt dreidde seg om å samordne aktiviteten, og å legge tilrette for landsmøte og studiekonferanse. Eg meiner å hugse at vi også hadde eit landsmøte på Torshus folkehøgskole i Orkdal, og at ekteparet Ræder frå Orkdal landsgymnas der var sentrale som støttespelarar.

Etter pedagogisk seminar tok eg tysk hovudfag, og så vart eg tilsett som lektor ved Tingvoll gymnas i 1959. Og her var det då utover på 1960-talet eit svært aktivt organisasjonsliv, med kristeleg skolelag, elevmållag og NSUA-lag. M.a. hugsar eg at rektor Bjarne Slapgard frå Folkehøgskolen i Surnadal fleire gonger var her og heldt gode talar."

Intervju med Eivind Hasle 19/2-04

Kalender


Ingen oppføringer.



 
Forbundet Mot Rusgift, Torggata 1, 0181 Oslo, tlf 23 21 45 26, faks 23 21 45 01, e-post: post@fmr.no