Ragnhild Sælthun Fjørtoft:

Takk, NSUA

Publisert 2005-10-01

Min første reaksjon då eg vart spurd om å skrive om NSUA og tida mi i organisasjonen var: Men det er jo så lenge sidan! 30 - 40 år har gått! Men så sette eg meg ned og tenkte tilbake, og såg det heile i perspektiv, og snart stod det lysande klart for meg: NSUA har betydd enormt mykje! Det faktum at eg ein gong melde meg inn i NSUA sette i gang ei utvikling som har prega heile livet mitt vidare!
Ragnhild Sælthun Fjørtoft

RAgnhild Sælthun Fjørtoft kom med i NSUA-laget "Stella" på Sandane i 1963, og vart riksinstruktør hausten 1968 etter at lærarskulen var gjordt unna. Ho sat i forbundsstyret frå 1969 til 1970.

Det starta då eg begynte på Firda gymnas på Sandane hausten 1963. Det var eit uvanleg aktivt organi-sasjonsliv på den skulen, og eit av dei laga som gjorde seg mest gjeldande, var NSUA-laget "Stella". Fråhaldsrørsla var heilt ukjend for meg - eg kom ikkje frå fråhaldsfamilie. Likevel hadde eg frå eg var liten reagert svært negativt når eg såg rusa menneske. Og når eg opplevde at i enkelte miljø var det status å drikke seg full og skryte av det etterpå, kjende eg berre avsky for ei slik innstilling. Derfor tok det ikkje lang tid før eg vart Stella-medlem. Og der blei eg med på studiekrinsar, informasjonsmøte og seminar - og lærde mykje om alkoholens verknad både på menneske og samfunnet. Det tok ikkje lang tid før eg var eit overtydd og ihuga medlem.

Det var ofte behov for underhaldning på dei mange arrangementa som vart avvikla i Stella-regi, og det vesle eg hadde pusla med av visesong og diktlesing tidlegare, vart vidareutvikla. Eg fekk også lære svært mykje om lagsarbeid og møteleiing. Då dei tre åra på gymnaset var omme, var eg eit erfarent organisasjonsmenneske.

Frå gymnaset gjekk vegen vidare til lærarskulen ved Tønsberg. Der var det ikkje noko fråhaldslag, men eg var framleis NSUA-medlem, og hadde fått stadig nærare kontakt med organisasjonen sin sentraladministrasjon i Oslo. Våren -68, då eg var i ferd med å avslutte lærarskulen, kom ein "delegasjon" til Tønsberg med oppdrag å overtale meg til å bli riksinstruktør i NSUA frå hausten av. Når eg ser tilbake, forstår eg nesten ikkje korleis dei lykkast i den oppgåva. Eg var 22 år og ikkje særleg "framfusen" av meg, men etter ei tenkjetid sa eg ja. Dermed gjekk eg inn i det året i livet mitt då eg truleg modnast og utvikla meg mest.

Som riksinstruktør skulle eg reise land og strand rundt, besøkje alle lokal-laga for å kurse medlemmene, gje råd og oppmunt-ring, og eg skulle kontakte ungdomsskular og vidaregåande skular for å ha opplysningstimar om alkohol og narkotika. Aller først skulle eg gå eit par veker som observatør på narkoman-klinikken i Hov i Land. Der fekk eg - eit "gudsord frå landet" - innblikk i lagnader så tragiske at eg hadde ikkje forestilt meg at det gjekk an. Eg fekk skakande historier eg kunne ta med meg ut til ungdommane i skolane. Men det var slett ikkje alle skular som ville at eg skulle snakke om narkotika.

På den tida var dette eit problem som skulle dyssast ned, for mange meinte at dersom ein snakka om det, ville ungdomane bli freista til å prøve stoff.

Det vekte ei viss oppsikt at ei ungjente reiste omkring i eit slikt oppdrag. Eg kan ikkje hugse ein einaste negativ reaksjon frå elevane i løpet av dei mange informasjonstimane eg hadde på skulane. Eg var jo ikkje så mange år eldre enn dei - og nettopp det var kanskje ein fordel. Det hende også at lokal-avisene dukka opp for å få intervju.

Det vart mange kveldar og netter på billige hotell rundt i landet - frå Kristiansand i sør til Steinkjer i nord - saman med andre "handelsreisande" av forskjellig slag. Dette året vart eg og med i sentralstyret for NSUA og eg deltok på mange ungdomsleiarkurs og seminar. Eg knytte venskapsband som varde lenge - somme av dei er framleis sterke, 35 år etter.

Etter eit år valde eg å bli student igjen, og slutta som riksinstruktør. Eg tok til å studere norsk, men samme haust begynte eg også å jobbe som freelancer i NRK. Ein annan viktig ting skjedde på seinhausten, eg møtte Arne Fjørtoft. Eg hadde høyrt mykje om han lenge før eg trefte han, for han var svært aktiv i ein annan fråhaldsorganisasjon, NGU ( no Juvente ). Halvanna år etter vart vi gifte. Etter kvart tok NRK og familieliv det meste av tida mi, men fråhaldsrørsla har eg hatt nær kontakt med i alle åra sidan. Så tilbake til påstanden om at NSUA har betydd svært mykje for meg - og eg gjev følgjande oppsummering: I NSUA vart interessa for organisasjonsarbeid vekt og utvikla. Det samme vart evna til å stå fram som foredragshaldar, som leiar, som underhaldar. Eg utvikla sjølvstende og sikkerheit. Utan det erfaringsgrunnlaget eg der fekk, er det ikkje sikkert eg hadde hamna i NRK som har vore arbeidsplassen min heile livet. Og eg hadde neppe møtt Arne - gjennom samlivet med han vart eg dregen enda meir inn i organisasjonsarbeid og internasjonalt u-hjelpsengasjement, som har vore ein viktig del av tilveret mitt i alle år.

Eg er framleis trufast fråhaldskvinne. Eg har framleis mange av vennene eg vart kjend med i NSUA-tida. Livsvegen hadde truleg gått i ein heilt annan retning om eg ikkje hadde meldt meg inn i "Stella" den gongen i 1963. Treng eg seie meir? Anna enn: TAKK, NSUA!

Ragnhild Sælthun Fjørtoft, 1470 Lørenskog