Bjarne Randers Rognlien er blant dei fremste juristane som opp gjennom åra har gjort seg sterkt gjeldande i NSUA. Han var fødd i Eidanger, og hans første møte med NSUA var i Skien, der stud. philol Fredrik Paasche kom i 1908 og heldt foredrag og makta å engasjere ca 20 ungdommar til å melde seg inn i organisasjonen. Seinare kom Rognlien til Oslo og studerte juss, og han vart cand. jur i 1916. I 1915 var han formann i Studentavholdslaget i Oslo, og på forbundsmøtet i Nidaros i 1920 vart han - som advokatfullmektig - valt som formann i NSUA. Han var formann i 2 år, og denne perioden var ein solid periode med auke i medlemstalet opp til vel 900, og nye lag m.a. på Nesna, og særleg sterk medlemstilgang i Volda og på Voss. Samtidig vart det årlege statsbidraget auka til 2000 kr, og "Fremtids-fondet" nesten dobla til 7220 kr. - Seinare vart Bjarne Rognlien m.a. sorenskrivar fleire stader i landet og høgsterettsdommar, og han hadde ei lang rad tillitsverv i samfunnet, m.a. som varaordførar i Bærum før krigen, og kst. fylkesmann i Nordland like etter krigen. Han var ein av dei 7 som var med og stifta Motorførernes Avholdsforbund i 1928 og sat i styret til 1935, og han var styremedlem i den norske dommerforening 1949-54. Edruskapsarbeid var han opptatt av heile livet. Han var ein sterk pådrivar for å få til ei skikkeleg promille-lovgjeving i trafikken, medlem av Edruelighetskomiteen av 1947, medlem av edruskapsnemnd, og medlem av Avholdsfolkets Landsnemnd i åra 1953-65.

Kjelder:

Norsk Allkunnebok, bd 9, 1959
MA - de første 50 år. 1978 (v/Steinar Hauge)