Pastor Carl Viggo Duckert (1859-1928) og kona Maren (d. 1911) hadde 2 søner som kom til å bli svært sentrale i NSUA i etableringsperioden. Pastor Duckert var eigentleg dansk metodist-prest, men kom til å ha mesteparten av yrkeskarrieren sin her i landet. Han var sterkt engasjert i IOGT- arbeid , m.a. som talar, i tillegg til at han ei årrekke rundt 1900 redigerte den interessante Afholds-vennernes Aarbog. Dei 2 sønene Halfdan og Haakon kom til å engasjere seg sterkt i etableringa av NSUA. Halfdan Emanuel var fødd i 1881, og studerte medisin. Alt i barne- og ungdomsåra kom han med i IOGT, og då han vart student, såg han det som svært beklageleg at så få av medstudentane kom med i fråhaldsrørsla. Då Studentavholdslaget vart invitert til Jønkøping i 1903 for å delta på den svenske studentavholdsrørslas årsmøte (SSUH), vart Halfdan Duckert vald som utsending. Entusiastisk kom han heim igjen frå møtet med nye svenske venner, og engasjerte seg sterkt i arbeidet med å etablere og organisere NSUA og å sikre eit økonomisk fundament, "så man med fuld ret kan sige, at han er denne organisations fader i dette land." Men tuberkulosen hadde alt festa tak i han, så han ikkje kunne delta på NSUAs stiftingsmøte i november 1904, og 22.april 1905 døydde han.

Broren, Haakon Adelstein, var fødd i Helsingør 1884, og han studerte juss. Han kom med i den komiteen som Studentavholdslaget sette ned i september 1904 med mandat "dannelsen av et avholdsforbund for den studerende ungdom i Norge." Denne komiteen, samansett av jus-studentane Bjarne Didriksen, Haakon Duckert og Olaf Hegland utarbeidde nødvendig lov- og regelverk til stiftingsmøtet 14.november 1904. I det første styret i NSUA vart Haakon Duckert sekretær, og han gjorde m.a. ein stor innsats med å starte ein serie av "NSUAs småskrifter", og det var etter forslag frå han i august 1906 at tidsskriftet "Symra" starta opp. Haakon Duckert heldt fram i forbundsstyret heilt fram til 1910, frå 1908 som formann. I 1910-11 studerte han sosialøkonomi og forsikringsvitskap i USA. I åra 1917-36 budde han i Haugesund, og her var han først formannskapssekretær, deretter i 2 år sjef for det nyoppretta folkeregisteret. Han var også konstituert borgarmeister eit år, og konstituert politimeister 1923-24 og periodevis seinare. Frå 1922 dreiv han sakførarverksemd i byen, og var ein aktiv politikar for Venstre, m.a. fast formann i Overformynderiet 1920-36. I 1936 flytta han tilbake til Oslo, tilsett som høgskolesekretær på Veterinærhøgskolen. Denne stillinga hadde han til han gjekk av for aldersgrensa i 1954.

Kjelder:

Godtemplarordenen i Norge1892-1927 (v/G.Krogshus og J.Rian)
NSUAs jubileumsskrift 1914 og 1932.
Afholdsvennernes Aarbog 1906. (minneord om Halfdan Duckert)
Hatlo, S.M.: Norges advokater og sakførere, Oslo 1932
Norland, Knut: Haugesund kommunale administrasjon 1930-1998.
Diverse omtalar i Haugesunds avis (30/6-24, 22/3-34, 18/4-36)
Informasjon frå Veterinærhøgskolen