Her prøver vi å gje vidare ein del av dei synspunkta vi har.

1. "Kva er hasj og marihuana?"

Den indiske hampeplanta, som blir kalla Cannabis Sativa på latin, er ein ca. tre meter høg vekst som blir dyrka eller veks vilt der klimaet er nokolunde varmt. Ved sida av å bli brukt til framstelling av hampetau er planta også råstoff for produksjon av cannabisstoffa hasj og marihuana.

Hasj er harpiksen i planta, mens marihuana er tørka delar av blad og blomar av planta.

I desse stoffa finst det ei kjemisk gift som blir kalla "Delta - 9 Tetrahydrocannabinol", men som oftast blir forkorta THC. Det er denne rusgifta som gir stoffa evna til å kalle fram rus, rusavhengnad og sløvleik. Konsentrasjonen av THC i det stoffet som blir brukt, er med på å avgjøre kor sterk rusverknad og kor store medisinske og psykiske skadar som skal oppstå. Hasj inneheld frå fire til ti prosent THC, mens marihuana inneheld ein til fem prosent. Likevel blir denne skilnaden ofte jamna ut ved at hasjen oftast blir røykt oppblanda med tobakk, mens marihuana blir røykt i rein form.

2. "Skaper hasj og marihuana avhengnad?"

Nokre hevdar at du ikkje blir avhengig av desse stoffa. Som prov peiker dei på at dei sjølve har brukt eller dei kjenner andre som har brukt hasj og marihuana i fleire år utan å bli avhengig av det. Kva så? Dei fleste drikk også alkohol av og til utan å bli avhengige, likevel er det vel ingen som vil påstå at alkohol ikkje er avhengnadsskapande. Det same med hasj og marihuana. Nokre av dei som bruker desse stoffa, blir psykisk avhengige. Det vil seie at dei ven seg til å vere rusa og lengtar sterkt etter å bli det igjen når dei blir edrue. Denne ruslengsla kan bli svært sterk, og den avhengige brukaren er villig til å streve hardt for å skaffe seg meir hasj. Den psykiske avhengnaden er kjerna i alle former for rusgiftavhengnad. Det å vere avhengig av hasj og marihuana skil seg i prinsippet ikkje ut frå det å vere avhengig av f.eks. kokain. Begge gir sterk psykisk avhengnad, men ingen eller svak kroppsleg avhengnad. Også når det gjeld stoff som heroin og morfin o.l., som gir sterk kroppsleg avhengnad, har det vist seg at det er den psykiske avhengnaden som er viktigast. Brukarar av heroin kan t.d. bli haldne borte frå stoff så lenge at kroppen er fullstendig frisk igjen, men får likevel ofte tilbakefall med ein gong dei kjem ut frå t.d. fengsel eller institusjon. Det er altså grunn til å hevde at den psykiske avhengnaden som oppstår når ein bruker hasj og marihuana, hittil har vori undervurdert. At ein ikkje blir kroppsleg avhengig av eit stoff, som hasj eller marihuana, kan til og med gjere stoffet ekstra farleg for oss, fordi vi sjølv trur det er mindre farleg, og dermed har færre motførestellingar mot å prøve og bruke det.

3. "Kva er det som avgjer om ein skal bli avhengig?"

Den viktigaste faktoren er tilgangen på stoff, dvs. kor mye og ofte ein brukar har høve til å ruse seg med hasj eller marihuana. Dersom ein berre kjem i kontakt med stoffet av og til, er det mindre fare for at ein utviklar seg til å bli avhengig. Dersom tilførsla blir større, prisane går ned, og det kanskje blir høve til å ruse seg fleire gonger i veka, eller kvar dag, blir risikoen atskilleg større. Det er derfor viktig at vi greier å stanse innførsla av desse stoffa, ikkje berre i forhold til det store fleirtalet av ungdom som aldri har prøvd hasj, men også av omsyn til dei som nokon gong har prøvd.

4. "Men er det ikkje miljøet som er det eigentleg farlege?"

Det er klart at eit stoffmiljø er farleg, både for dei mange ungdommane som aldri har vori i dette miljøet og for dei som held til der, eller prøver å komme seg vekk frå det igjen. I dette miljøet, i brukargruppene, finst det idear som går ut på at det er bra, at det er tøft, at det er smart å ruse seg med hasj eller marihuana. Dette er med på å skape spenning rundt hasjbruken, og dei ungdommane som etter kvart kjem inn i slike miljø, kjenner ofte at dei blir "pressa" til å bruke stoff. "Dei andre", "kameratane", "gruppa" ventar at dei skal delta i stoffbruken. Mange hasjbrukarar trur også sjølv at det er bra å bruke hasj og marihuana, og prøver å drive "misjonærverksemd" for stoffa blant oss andre. Dei prøver å overtyde oss om at hasj er bra. Når vi tenkjer på kor sløve og passive mange hasjbrukarar blir, kor mye vanskelegare det blir for mange av dei å klare seg, må vi tvert i mot seie at det å spreie hasj blant oss er ein måte å undertrykkje oss og halde oss nede på. Og når kameratane våre prøver å få oss til å røykje hasj, så er det ei form for "kameratundertrykking" som vi må ta opp kampen mot og slå tilbake. Vi må vise at dei av kameratane våre som driv "hasjmisjon", faktisk ter seg som agentar for dei store haiane. Dei trekkjer nye ungdommar inn i brukarmiljøa, aukar faren for å skape problem for kameratane sine og gjer det lettare for narkohaiane å utnytte og tene pengar på ungdommen.

5. "Det er da skilnad mellom å bruke og å vere avhengig?"

Det er heilt rett. Men det vi kan seie heilt sikkert, er at jo fleire som bruker, jo fleire vil også bli avhengige av stoff som hasj og marihuana. Alt etter nokre gongers bruk kan ein få ei sterk lyst til å halde fram med bruken, eit behov. Denne trongen utviklar seg vidare og blir etter kvart sterkare hos mange. Det veldige forsvaret som mange hasjbrukarar kjem med når vi kritiserer hasjbruken deira, viser at dei alt verdsett hasjen svært høgt og ikkje har lyst til å slutte med han. All kritikk blir derfor oppfatta som ein trugsel. Men dette behovet går først over til å vere avhengnad når brukaren ikkje lenger har full kontroll over om han/ho vil bruke stoff lenger. Når mesteparten av tida og tankegangen blir oppteken av korleis ein skal skaffe seg hasj eller pengar til hasj, når lysten til å halde fram blir sterkare enn viljen til å stoppe, først da kan vi snakke om avhengnad. Når denne avhengnaden får utvikle seg i eit miljø der alle dei andre også røykjer hasj og ventar av kvarandre at kvar og ein skal halde fram, der samtalar og samvære ofte krinsar om hasj, så skjønner ein at det skal mye til for å rive seg laus frå avhengnaden av hasjen og hasjmiljøet.

6. "Korfor skal vi forby hasj og marihuana, når alkohol, som er mye farlegare, er tillaten?"

Det er uinteressant om den eine rusgifta er "farlegare" enn den andre. Det som har noko å seie, er om det er bra med ein vidfemnd bruk av hasj og marihuana eller ikkje. Og det er ikkje bra, fordi det kjem til å føre til auka rusgiftbruk, det kjem til å føre til auka sløving. Vi kan ikkje velje om vi vil ha alkohol eller hasj i samfunnet. Alkoholen har vi alt, med dei store problema som det fører med seg. Det er ingen grunn til å innføre eit nytt problem i tillegg til dei rusgiftproblema vi har frå før.

7. "Men vil ikkje hasjen komme i staden for alkohol?"

Om du ser rundt deg, og eventuelt tenkjer på dei du kjenner som røykjer hasj, så vil du sjå at det ikkje er nokon av dei som har slutta å drikke alkohol for det. Oftast går alkohol og hasj om kvarandre.

8. "Men korfor skal ein da ikkje forby alkohol?"

Alkohol er eit stoff som har ein mangehundreårig tradisjon i vårt land. Bruken av alkohol er ein del av vår kultur, sjølv om han er eit dårleg innslag i kulturen. Folk flest har vant seg til å bruke alkohol, dei skjønner ikkje kor store skadar alkoholen gjer i samfunnet, eller kor naudsynt det er å kjempe mot han. Det er derfor vanskeleg å forby alkohol. Vi må ta alkoholproblemet på ein annan måte og motarbeide alkoholen på lengre sikt. Derimot skjønner folk flest, og er samde i, at all spreiing og bruk av hasj skal vere forboden. Derfor er den enklaste måten å hindre at vi får eit nytt stort rusgiftproblem, å forby hasjen. Men det vil ikkje seie at det er den einaste metoden. Dersom eit forbod skal vere effektivt, må det ha støtte frå folk flest. Å diskutere med kameratar og venner og skape negativ haldning til bruk av hasj og andre former for rusgift blir derfor svært viktig for oss.

9. "Kva er det som skil hasj ut frå alkohol?"

Det at hasjbruken ikkje er ein del av vår kultur, gjer at det er lettare å sleppe å ta til med hasj. På den andre sida gjer det at dei som tar til med det, lett havnar i krinsar og miljø der det også blir omsett andre og tyngre stoff, der det er kriminalitet og prostitusjon osv. Det er ofte dei same kriminelle krinsane som står bak omsetninga av både hasj og heroin. Dei bruker hasjen som lokkemiddel for å få folk inn i miljøet og prøver deretter å rekruttere dei til heroinbrukarane sine rekkjer. Når nokre ungdommar er hekta ekstra godt opp på t.d. heroin, er dei nøydde til å ta til med å selje stoff til andre, for sjølv å skaffe seg pengar til stoff. Eller dei må ta til med å gjere innbrott, stele, forfalske reseptar osv. På denne måten blir dei som er avhengige av stoff, grovt utnytta, samtidig som dei er med på å spreie stoffbruken til stadig nye ungdommar. Og jo meir stoffbruken blir spreidd utover, jo mer tener dei som står bak, og jo meir undertrykt blir ungdommen.

10. "Er det ikkje formynderi å forby hasj? Er det ikkje ei privatsak om ein vil røykje hasj eller ikkje?"

Det er slett ikkje hasjrøykjarane si sak om han/ho røykjer hasj eller marihuana. Med åtferda si påverkar ein også kameratane sine. Den som røykjer hasj, medverkar gjennom det til å spreie hasjbruken vidare til andre. På denne måten medverkar alle hasjrøykjarar til å auka rusgiftproblemet i samfunnet. Sløvinga av ungdommen aukar som ei følgd av hasjrøykinga, og dette er svært skadeleg, både for dei som blir hardt ramma sjølv, og for det arbeidet som ungdommen saman må drive for å betre forholda i samfunnet, når det gjeld jobbar, bustader, fritidstilbod og andre skeive forhold for ungdommen i dag.

Korfor skulle det ikkje vere forbodi å røykje hasj, når hasjbrukaren på denne måten skader både seg sjølv og andre? Alle dei negative sidene ved hasjbruken er til saman så store at vi ser det som heilt rimeleg at hasjrøyking skal vere forboden. Vi vil ikkje påstå at eit forbod i seg sjølv vil vere nok til å stoppe hasjrøykinga, men vi trur det er eit viktig hinder for at hasjbruken kan bli spreidd vidare. Og vi meiner det er viktig å krevje at styresmaktene handhevar forbodet.

11. "Vi hjelper ingen hasjrøykjarar ved å setje dei i fengsel."

Det er rett at fengsel hjelper dårleg. Det kan til og med gjere situasjonen verre for hasjrøykjaren. Men ve og vel for den enkelte hasjrøykjaren er ikkje heile rusgiftproblemet, ikkje eingong den viktigaste delen av det. Omsynet til korleis det går med andre ungdommar dersom hasjrøykjaren får halde fram med å påverke dei til å røykje hasj, er hovudproblemet. Når det er konflikt mellom kva som er bra for hasjrøykjaren, og kva som er bra for det store fleirtalet av ungdommen, da vil vi late omsynet til fleirtalet komme først.

12. "Skal vi setje alle hasjarar i fengsel?"

Sjølvsagt ikkje. Ikkje meir enn vi skal setje alle heimebrennarar eller alle råkjørarar i fengsel. Men dersom folk veit at det er forbodi og straffbart å røykje hasj, så vil dette verke førebyggjande. Dei fleste av oss stel ikkje i butikkane heller, fordi vi er redde for å bli oppdaga. Det same med hasjrøyking. Trur du butikktjuveri ville auke eller minske dersom det blei lov å stele i butikkane? Dersom du naskar i butikkar, og blir oppdaga, så får du deg ein smekk. Og dersom det skjer igjen, får du deg ein kraftigare smekk. Det same meiner vi skal gjelde for hasjrøyking. Det skal framleis vere forbodi og straffbart å ha og å bruke hasj. Og for at hasjforbodet skal verke mest mogleg førebyggjande, må ein krevje at det blir handheva konsekvent, og at alle tilfelle av narkotikalovbrott som styresmaktene blir kjende med, skal bli møtte med ein reaksjon.

13. "Er det progressivt å røykje hasj?"

Nokre meiner det er radikalt, eller til og med revolusjonært, å røykje hasj. Å røykje hasj er ein måte å gjere opprør mot samfunnet på, seier dei. Kva slags opprør er det? På kva måte gjer ein opprør mot noko som helst ved å flykte inn i hasjrus og passivitet? Tvert i mot blir det vanskelegare å endre samfunnet når ein del sett seg ned og sløvar i staden for å vere aktivt med på å endre det. Hasjrøyking er ein måte å hjelpe til med å halde oppe misforholda i samfunnet på.

14. "Ein kan godt vere aktiv i politisk og sosialt arbeid sjølv om ein røykjer hasj."

Visst kan ein det. Vi har heller ikkje hevda noko anna. Men ingen må innbille seg at folk blir aktive fordi dei røykjer hasj eller marihuana. Dei er heller aktive trass i dette. Det er mange som drikk alkohol òg, som gjer ein glimrande innsats. Men dette hindrar ikkje at vi har over 200 000 menneske med alvorlege alkoholproblem i Noreg og kanskje opptil ein million menneske som er passiviserte i større eller mindre grad p.g.a. alkoholbruken. Det er ingen grunn til å tru at dei menneska som i dag er politisk og sosialt aktive, og som bruker alkohol, ville bli mindre aktive om dei slutta. Derimot må vi gå ut frå at mange fleire ville bli aktive, dersom alkoholbruken blei sterkt redusert. Det same med hasjen. Mange som i dag blir sløva ned på grunn av hasjbruk, ville kanskje elles blitt aktive, ja vi kjenner faktisk døme på at folk er blitt aktive etter å ha slutta med hasj.

15. "Den som ikkje har prøvd å røykje hasj, kan ikkje uttale seg om spørsmålet."

Den som har røykt hasj, har heller ikkje noko særleg grunnlag for å uttale seg, bortsett frå si eiga røynsle med hasj, og den fortel jo berre korleis stoffet har verka på den eine personen. Korleis hasjen verkar på kort og lang sikt for fleirtalet av hasjbrukarar, kan ein best få greie på ved å setje seg inn i kunnskapane til vitskapsfolk som har oppsummert røynslene til tusenvis av stoffbrukarar. Dette er eit mye meir solid grunnlag å byggje på enn dei spinkle røynslene til ein som kanskje har røykt hasj ein eller nokre få gonger. Ein treng altså ikkje å prøve hasj for å kunne uttale seg om hasj. Og den som har prøvd hasj, treng ikkje vere nokon større autoritet enn ein som aldri har prøvd.

16. "Forsking som viser at hasj er farleg, blir oppvegen av anna forsking som viser at hasj er ufarleg."

Det er rett at forsking omkring cannabis-stoffa viser motstridande resultat, men det er ingen forskingsresultat som har påvist at hasj er ufarleg. Anten tyder forskinga på at hasjbruk kan føre til visse typar skadar, eller så viser resultata ingen sikre teikn på at slike skadar er til stades, men held døra open for at ny forsking vil påvise dette. Men dette er heilt naturleg når vi tenkjer på at forskinga omkring cannabisstoffa i alle fall i dei vestlege landa ennå berre ligg på byrjarstadiet. Det har teki fleire hundre år å finne ut at tobakken har dei skadeverknadene som vi no alle er samde om at tobakken har. Det same med alkoholen. Ville det ikkje vori betre å vente med å innføre nye stoff til vi visste sikkert kva slags skadeverknader dei fører med seg? Og ville ikkje det ideelle vere at alle stoff skal vere gjennomprøvde og garantert uskadelege før ein slepper dei ut på marknaden?

Fleire lækjemiddeltragediar i dei vestlege landa dei siste ti-åra viser kva som kan skje, dersom dette ikkje er eit krav.

17. Behandlings- og hjelpetilbod

Spørsmålet om hasj er ikkje først og fremst eit spørsmål om behandling og hjelp. Det er først og fremst eit spørsmål om å førebyggje at folk får narkotikaproblem. Det er her vi må kaste inn kreftene. Det er svært få skikkelege hjelpetilbod for stoffbrukarar her i landet, og dei som er, har ofte dårlege behandlingsresultat. Dei som får narkotikaproblem, går ofte ei usikker framtid i møte. Det er derfor naturleg og viktig å kjempe for fleire og betre hjelpetilbod. Men den viktigaste oppgåva blir å kjempe for at færrast mogleg nokon gong tar til med stoff.

Ei utfordring...

  1. Kamp mot all produksjon, spreiing og bruk av hasj og andre narkotika.
  2. Kamp mot all langing av stoff.
  3. Behandlingsplikt for staten - behandlingsrett for stoffbrukarar.
  4. Støtt alle aksjonar som tek opp kampen for betre ungdomsmiljø, narkotikaen ut av miljøet.