Sigmund Gjelsvik

Sigmund Gjelsvik kom med i SNUA under studietida i Oslo på 1930-talet, og vart seinarer primus motor i NSUA.-laget "Sverre" på Orkdal Landsgymnas.

I intervjuet fortalde han om oppvekst og utdanning, og om yrkeskarrieren sin, m.a. gjennom krigsåra. Sigmund Gjelsvik hadde vakse opp i eit lærarmiljø på Røros som var engasjert både i edruskapsarbeid og kristeleg arbeid. Heile yrkeskarrieren sin kom han til å ha ved Orkdal landsgymnas. Om kontakten sin med fråhalds-rørsla og NSUA fortalde han m.a.:

Det som eg fekk med meg frå godtemplarlosjen (i ungdoms-åra), vart verdifullt for heile livet. Sjølv om mitt viktigaste bidrag i fråhaldsarbeidet seinare vart å vere støttespelar for elevlaget "Sverre" her ved skolen, har eg heile tida stått som medlem av IOGT på Røros, og eg har deltatt med program-innslag - litterære kåseri og liknande, både på Røros og i losje "Bjergmanden" på Løkken.

I studietida mi (på 1930-talet) i Oslo kom eg med i Studentavholdslaget, SA. Det var og ei fin tid, og mange spennande folk å treffe. Der var m.a. Haakon Odd Christiansen ein av dei fremste, saman med Ove Bakken og Christoffer Dannevig Haave og brørne Aalen, som vart professorar, og var noko eldre. Den yngste av dei, Ragnar Aalen, og kona hans, Gudrun Sivertsen - syster til Helge Sivertsen og minst like flink som han - var eg på kull med i norsk hovudfag. Studentavholdslaget var ikkje så stort. Vi hadde møta våre i Aulakjellaren, og det var oftast 20-30 på møta.

Det var vanleg møteverksemd, med foredrag, diskusjonar, song og musikk - nokså enkelt. Studentmållaget vart kanskje vel så viktig for meg, det samla mange fleire.

NSUA-laget "Sverre"

Ottar, bror min, hadde vore kontaktperson for "Sverre", det laget som Norges Studerende Ungdoms Avholdslag (NSUA) hadde då eg kom hit første gongen i 1936, og elles var Olav Sundet sentral då. Men han flytta jo før eg vart tilsett her. Også mange andre støtta oppunder fråhaldsarbeidet, m.a. Birger Eftedal. Men under krigen låg arbeidet nede, og også dei første par åra etter krigen.

Men så låg det liksom på meg ansvaret for at eg skulle følgje opp arbeidet etter Ottar, og i 1947 sette eg opp ein plakat og baud inn til møte. Og då kom det såpass mange at vi stifta lag og gjekk i gang, og så heldt vi det gåande til bortimot 1970. Då begynte lagsarbeidet å gå i oppløysing. Det vart då vanskeleg å få nokon til å vere formann i laget. Det varierte sjølvsagt heile perioden: nokre år hadde vi fint mannskap i laget, og andre gonger dårlegare, men laget gjekk då heile tida. Den siste leiaren hadde eg ei kjensle av rømte når han såg meg, fordi han var redd eg skulle spørre korleis det gjekk. Vi hadde alltid styremøte her heime hos meg og la opp plan for arbeidet, men samtidig var det eit vanskeleg spørsmål for meg kor mykje eg skulle legge meg borti aktiviteten. Det var jo best om arbeidet gjekk av seg sjølv. Men av og til var det jo nødvendig å puffe på litt.

Når eg no i ettertid ser over arkivsaker etter laget som eg har her heime, ser eg at eg har lagt meg borti både for mykje og for lite. Eg har ikkje lært dei grundig nok korleis eit slikt lag skal administrerast, m.a. med sekretærens rolle. Det ser eg m.a. av ein protokoll som går frå 1948 til 1958. 2 protokollar av den handskrivne avisa "Andvake" har eg og her. Eg trekte meg ut av arbeidet etter eit instruktørbesøk i 1972, då NSUA var blitt til Forbundet Mot Rusgift (FMR), og instruktøren opptrådde med viser og historier som eg hadde liten sans for. Magnhild Haugen trur eg var siste fungerande leiaren i laget, som tok over siste protokollen og bankboka. EF-striden i 1972 bidrog sterkt til oppsplittinga og motsetnadene i organisasjonen.

Protokollen viser at arbeidet i laget varierte mykje. Her var både vanlege møte og festlege arrangement, og om eit fest står det at over 100 hadde vore til stades, og på ein rundebords-konferanse om forhold ved skolen, var festsalen full. Her var det både elevar og lærarar med i panelet. Elles ser eg vel at eg kanskje satsa for mykje på tradisjonelle møteopplegg, med innlegg om allmenne emne, "Vår sak" - ved ein av elevane der eg gjerne hjelpte til med bakgrunnsstoff, t.d. frå avisa "Folket" - og ein del song og musikk. Av medlemmane i "Sverre" var ca halvparten også medlemmar av det kristelege skolelaget, og ein viss motsetnad kunne det her vere. Dei som kom frå dette laget var gjerne dei stødigaste og mest pålitelege, og min sympati låg kanskje nokså mykje på den kanten. Store motsetnader var det ikkje, men dei kunne komme til uttrykk på helgekurs på "Hauklia", og på den avslutnings-festen som vi brukte å ha på "Hauklia" for "Sverre"-russen, m.a. i synet på dans.

Elles nytta vi jo heile lærarkollegiet i arbeidet, til å halde innlegg om sine spesialinteresser. På Torshus folkehøgskole var det og mykje hjelp å få, og mange lærarar frå Fannrem og Orkanger var med. Prost Skrondal brukte vi, og frå Trondheim kom Haakon Odd Christiansen eit par gonger. Steinar Woll, ein perfeksjonist som lærar, men som ikkje sjølv var fråhaldsmann, var ein av dei sværaste til å delta med programinnslag og på debattmøte. Og så kom jo desse riksinstruktørane, og mange av dei var flinke, m.a. Ragnhild Sæltun (Fjørtoft), Gudrun Hage frå Telemark, Liv Hatland og Stein Berg. NSUAs kunnskapstevling deltok vi ikkje så aktivt i, men elles hevda jo Orkdal seg sterkt i kunnskapstevlingane i radioen som vart arrangert mellom skolane.

NSUA hadde og ein del studiearbeid, men det var ikkje så lett å få til å gå, fordi det vart for likt vanleg skolearbeid. Men vi hadde m.a. studieringar i "Problem på flasker" og psykologi. Og elles vart avisa "Folket" spreidd blant medlemmane.

Medlemsmassen i "Sverre" var vel 40-50 til vanleg, men kunne og vere opp mot 60. Det var såleis eit vesentleg innslag i elevflokken. Men det er likevel vanskeleg å seie noko sikkert om kva eit slikt lag hadde å seie generelt for edruskapssitua-sjonen ved skolen. Målsettinga om at det skulle gå fleire fråhaldsfolk ut av skolen enn det kom inn, hadde vi nok uhyre vanskar med å leve opp til. Russetida var ei hard tid for mange. Og det har også vore trist å treffe igjen mange tidlegare "Sverre"-medlemmar på 10-, 25- eller 35-årsjubileum på Bårdshaug, og sjå kor få det er som då held seg til dei alkoholfrie cocktail-glasa. Men eg veit jo at fråhalds-standpunktet ikkje står sterkt i dei akademiske miljøa som mange av elevane våre gjekk inn i. Eg har ofte følt meg nesten aleine som fråhaldsmann på festar i Lektorlaget. Utviklinga har jo og ført med seg at det har vorte vanskelegare å få arrangert festar i regi av skolen. Tidlegare hadde vi jo lærarane med som vakter, men på grunn av alkoholen, har det blitt vanskar med å få til god nok kontroll. Situasjonen på skolen avspeglar nok berre utviklinga i samfunnet generelt på dette området."

Intervju med Sigmund Gjelsvik (1910-2000)

Eivind Hasle