Her ser vi forbundsleiar Liv Hatland til venstre overrekke NSUAs hedersklubbe til Liv Gladehaug frå NSUA-laget "Stella", Sandane 1960

Men framleis var det berre eit lite mindretal av ungdomen i mitt heimefylke som kom inn på gymnaset. Inntaket skjedde dessutan på grunnlag av karakterar åleine. Det førte med seg at det var eit vesentleg innslag av elevar frå andre fylke enn Sogn og Fjordane, helst frå Sunnmøre, men også i ei viss mon frå Hordaland og Nord-Norge.

Elevmassen var altså grundig sorterte i utgangspunktet. Dei aller fleste budde heimafrå på hybel, og var neppe heimom meir enn 2-4 gonger i året om vi ser bort frå sommarferiane. Så mykje evnerik og framtøken ungdom, med eit sams sosialt behov utover den reine pensumaktiviteten, la vel ein del gunstige utgangsføresetnader for den særs allsidige og omfattande lagsaktiviteten ved skulen.

Det som kanskje var det oppsiktsvekkande var at NSUA-laget Stella var det mest vitale av dei alle. Det dekte jamvel vesentlege funksjonar som normalt ville ligge under gymnas- samfunnet. Det eigentlege gymnassamfunnet kom faktisk i skuggen av "Stella". På skulen var det ca. 450 elevar inklu-dert statsrealskuleklassane. Ca. ein tredjedel av desse var medlemer. Kanskje noko ukonstitusjonelt trekte dåverande formann Edvin Bolstad meg inn i styret same hausten som eg byrja ved skulen. Seinare følgde verv som vald formann og dinest studieleiar.

Vi hadde også ein diskret , men verdfull støtte av lærarane ved skulen, sjølv frå dei som ikkje sjølve var avhaldsfolk. Inspektør, seinare rektor Olav Håland, må framhevast også ut frå sitt sanne avholdspolitiske engasjement.

At alle våre arrangement var fullstendig alkoholfrie vart sjølvsagt akseptert av alle. Vi hadde sjølvsagt føre oss reine alkoholpolitiske tema, men også tema utan nokon openberr tilknyting i den lei. Men litt kunne vi snike inn. Kvitt eller dobbelt- spørjetevling var populært i fjernsynet på den tid og Stella hadde sin variant. Vi lovde dobbelt premiar til dei som tok eit tema om alkohol. Kandidaten var slett ikkje avhaldsmann sjølv. Då han vart beden å skildre det typiske forløp ved aukande promille var hans kommentar på eit visst nivå: "Då vert eg så steike glad i kvinnfolk". Han fekk full pott i premiekassa! Dette var effektiv opplysning og god underhald-ning. Meir strid vekte det då vi marknadsførte det alkoholfrie alternativet i si fulle breidde. Det var nok dei som meinte at alkoholfri vin sette folk på smaken av den alkoholhaldige.

Stella var heilt dominerande når det galdt studieringsaktivi-teten. Det året eg var studieleiar hadde vi over 30 studieringar, med ein stad mellom 150 - 200 deltakarar. Mest populært var "Dagliglivets psykologi", "Teori for førarprøva" og "Fattige, rike verden". Dette vekte oppsikt ved Norsk korres-pondanseskule. Vi fekk tilsendt heile verket "Vestens tenkere" som anerkjenning. Verket vart så på årsavslutningsfesten for skulen gjeve til skulen sitt bibliotek.

Vi heldt ein viss kontakt med tilsvarande lag i Volda. Men for utvikling av "kadrane" i laget var vel dei årlege "sosiale studiekursa" i påska på Hugali pensjonat i Valdres av størst betydning.

Også NSUA-laget "Sophus" i Skedsmo var særskilt aktivt på den tid og vi og medlemer der kom særskilt godt overeins. Deira ablegøyer mjuke det heile opp.

Landsformannen Liv Hatland var ein god person for forbundet både andsynes oss og den måten ho brukte sentrale kontaktar på. Då den svenske søsterorganisasjonen hadde sitt landsmøte midtsumars 1963 sende ho meg for å representere NSUA. Fleire av svenskane der kjende eg frå Hugali-kursa. I denne tida vart eg også kjend med Stein Berg og andre som seinare skulle få så mykje å seie i nasjonalt edruskapsarbeid.

Då eg kom til Oslo for å studere hausten 1965, kom eg midt inn i ein strid eg enno ikkje heilt har fått tak på realinnhaldet i. Men det gjekk vel på at nokon ønskte meir aksjonistiske eventuelle radikale arbeidsmetodar. Eg vart vel sett på som representant for dei meir etablerte kadrane lag med kjerne-troppene frå "Sophus" og var deira kandidat. Motkandidaten var trøndaren Mildrid Lomundal . Eg vart valt, men Mildrid kom også inn i styret. Tilhøvet oss imellom vart det beste. Eg er ikkje eingong sikker på om nokon av oss heilt skjønte kva gruppene bak oss hadde sloss om. Min aktive periode i Studentavhaldslaget vart ikkje så lang. Etter kvart gjekk min energi meir i retning av andre student og bygdelagspolitiske aktivitetar. Men eg hugsar særskilt eit lagsmøte med psykiater Nils Retterstøl. Han gjorde eit interessant og møtekomande inntrykk. Nemnast kan også utferda til institusjonen for narkomane på Hov i Land.

Eg møtte som formann også i fellesorgana for avholdsrørsla i Oslo. Forskinga i dåverande Institutt for alkoholforsking vekte reaksjon. Noko av forskinga kunne sikkert trenge ei avbalan-sering, men grunnleggande fann eg det rett å forsvare forsk-inga sin fridom i dette forumet. Vi måtte tole også det som utfordra dei overtydingane vi alt hadde. Eg følte faktisk at eg vart lytta til, trass i min unge alder, i dette heller seniorprega forumet.

På Firda hadde eg vunne landskonkurransen i "Prøva i Samtidsorientering". I Oslo vart eg Thor Bjarne Bore sin etterfølgjar med å administrere denne landskonkurransen. Denne prøva var eit samarbeid mellom NSUA og Arbeidarbladet. Mitt arbeid med dette varte i tre år. Det var eit eige verv og følgde ikkje av min aktivitet i Studentavhaldslaget.

Vi prøvde å vere aktive med å verve medlemer. Men då ein Asbjørn Kloster skreiv seg på lista, trudde vi nokon dreiv gjøn med oss. Fleire år etterpå las eg i ei avis at det faktisk også fantest ein Asbjørn Kloster blant våre samtidige og at han ikkje hadde sloppe inn i Studentavhaldslaget. Kanskje eg ein dag treffer han slik at eg kan be om orsaking.

For meg var NSUA inntaket til den ganske omfattande organisasjonsaktiviteten som eg etterkvart involverte meg i på ulike samfunnsområde. Det befesta nok både mi individuelle og sosiale grunngjeving for fråhaldsstandpunktet. Eg lærte å kjenne folk frå andre stader og andre miljø enn dei eg sjølv var runnen av. Men det var også eit inntak til meir generelt å forstå det samfunnet eg seinare skulle verke i. Eg er overtydd om at det la eit verdfullt grunnlag for det som skulle bli mitt innhald i både yrkes- og privatliv.

Svein Lundevall, 6788 Olden