Laget heitte Gu´brand og levde nokre år på -60-talet. Eg var den første formannen der. Eg gikk ut frå skolen våren 1963.

Da eg kom til Oslo, først i militærteneste, seinare som student, hadde eg heile tida kontakt med NSUA-miljøet, spesielt Rolf Tryggestad, Viggo Jørgensen, Stein Berg, Ragnvald F. Bertheussen og Ingvar Mjanger. Saman med Leif Vinsrygg og Ragnhild Sælthun, som båe var riksinstruktørar på den tida, var vi alle saman aktive i Studentavholdslaget (SA) og i hovudorganisasjonen i ymse verv og roller gjennom mange år.

Eg var leiar i SA i ein periode, men hugser ikkje kor lenge. Dessutan var eg og leiar i NSUA, truleg fram til februar 1968. Eg må vedgå at eg ikkje hugser nøyaktig, og heller ikkje når eg vart vald. Kan det ha vore i 1966?

Det var noen aktivitetar som var svært viktige på den tida. Noen kravde mye arbeid, slik som «Kunnskapsprøva» som gikk blant alle gymnasiastane i landet. Eg hugser eit par premie-utdelingar på restaurant Stratos, m.a. ei der statsråd Kjell Bondevik delte ut prisen til vinnaren.

Så var det påskekursa på Hugali i Vang i Valdres, som eg var med på frå 1962 til 1968. Fantastiske kurs både miljømessig og fagleg.

Eg hugser Harald Munthe Kaas var der og snakka om internasjonalt arbeid. Men mest av alt gløymer eg aldri Kåre Holt sine kåseri om trilogien «Kongen». Han vart eit fast inventar på kursa i fleire år,og var svært populær som den framifrå kåsøren han var, og med sitt logne og aksepterande vesen vart han svært samlande. Olav Sundet med ektefelle likeså, var framifrå personar som var med og stod både for faglege og underhaldande innslag.

På påskekursa var det også gjester frå NSUA sine syster-organisasjonar i Sverige og Finnland, hhv. SSUH og SARL. Det var også årlege studentdagar som gikk på omgang for desse organisasjonane. Såleis var eg med på samlingar både i Sverige og Finnland. Sjølve hadde vi i mi tid iallfall to tilstel-ningar. Eg hugsar best den fotturen vi hadde sommaren 1967, da vi fekk Den Norske Turistforening til å legge opp ein fottur på ei veke for oss i Jotunheimen.

Det var ein flott tur på mange måtar, men litt tidleg på året, med opne elvar, og elles litt krevjande trur eg, for noen av deltakarane. Vi skulle opp til hytta på Fanaråken og måtte gå opp ei skrå fjellside. Dei fleste opplevde ikkje det spesielt dramatisk, men to svenske jenter forlangte at det skulle koma helikopter å hente dei derifrå. Det endte bra ved at Viggo Jørgensen og ein til bar ein ekstra sekk i tillegg til sin eigen, og at dei vart støtta ved at andre turdeltakarar gikk nedanfor dei. - Ein lang dagsetappe gjennom Uradalen trur eg også dei fleste hugsar godt.

Eg har nemnt noen kameratar,som var sentrale for meg i både i studietida i Oslo, i arbeidet i NSUA og som har vore varige venskap etterpå. Det var fleire, men av frykt for å gløyme noen, får det vera med desse.

Men Liv Hatland såg vi alle opp til. Ho var komen lengre i organisasjonslivet enn vi var på den tida. Ho hadde og kontakt med Johan Scharffenberg, den siste tida han levde. Eg hugser foresten eit kort kåseri av Scharffenberg på eit møte vi hadde. Eg trur han snakka om mellom anna sine tankar om det han kalla den «rasjonelle nytingslæra».

Vi reiste ein del rundt til gymnas og heldt faglege innlegg om edruskap og alkohol-spørsmålet. Vi prøvde å starte lag ved skolar der det var gode kontaktpersonar. Vi var ganske oppdaterte. For meg vart det naturleg å følge opp dette,når eg skulle lage hovudoppgåve til embetseksamen i psykologi. Eg valde meg eit tema innan området.

Elles vil eg seia at vi hadde kontakt med mange spennande miljø, og det var sterke lagsmiljø mange stader, slik som på Sandane, Øystese og Voss, i Orkdal, på Lillestrøm, i Molde, på Tingvoll og i Levanger, Bergen og Trondheim, for å nemne noen. Eg hugser mange flinke og spennande personar frå desse stadene og andre stader. Ikkje minst var eit begynnande samarbeid med NGU spennande, og møte med personar som Arent Midtbø, Tore og Øystein Søraa og kontorsjef Erling Sørli var lærerikt.

Eg trur NSUA dreiv eit godt arbeid på denne tida,og vi såg attende på kva organisasjonen hadde betydd frå 1904 og framover.

Det er heilt klart at medlemskapet har betydd mye for fleire av oss, sjølv om alt har si tid og organisasjonen etter kvart vart ein annan. Men medlemskapet var strekt identitets- og holdningskapande, slik eg har opplevd det.

Gunnar Sørbotten, 2647 Sør-Fron