Johan Scharffenberg Då Johan Scharffenberg i 1939 fylte 70 år, vart det gitt ut eit stort festskrift på 472 sider under mottoet "Frihet - Sannhet". Skriftet inneheldt artiklar om "flest mulig sider av alkohol-spørsmålet". Men den lange lista bakerst over Johan Scharffenbergs skrifter og artiklar, viste at Johan Scharffenberg ikkje berre høyrde edruskapsrørsla til, men var ein nasjonal samfunnslege og stridsmann, "ein norsk Sokrates". Johan Scharffenberg var fødd i Moss i 1869, men budde i Molde i åra 1883-93, og Scharffenberg rekna seinare denne byen som heimbyen sin. Tidleg hadde han bestemt seg for å bli sinnssjukelege. Legestudia fullførte han i 1897 med glimrande resultat. Dei allsidige interessene hans hadde samtidig fått han til å gi ut "Hjemløse sange", han engasjerte seg sterkt i student-, unions- og venstre-politikken, og han var aktivist på ytterste venstre side i 1905 i arbeidet for unionsoppløysing og republikk. I tillegg markerte han seg som ein flittig avis-skribent, og han begynte å samle stoff m.a. om sinnssjukevesnets historie. Men noka stilling ved Universitetet fekk han ikkje. Innlegga hans til fordel for universitets-reformer og studentrepresentasjon "hadde rystet de ærverdige herrer så støvskyen stod omkring dem." Han fekk mange vener i arbeidarrørsla, men Scharffenberg vart aldri nokon fast tilhengar av eit bestemt politisk parti. Han hadde korkje vilje til eller føresetnader for kompromiss og "det muliges kunst."

I 1905 vart Scharffenberg tilsett som styrar av Oslo kommunale sinnssjukeasyl for kvinner. Frå den tida arbeidde han som lege og psykiater, m.a. ved Botsfengslet og Oslo Hospitals sinnssykeasyl. I samfunnsdebatten om psykiatriske og kriminologiske emne kom Scharffen-berg til å spele ei framståande rolle, m.a. med framlegg om reformer i fangebehandling, sinnssjukevesen og straffeutmåling. Han var ein sterk motstandar av dødsstraff, og rekna det som eit stort tilbakeskritt då dødsstraffa vart tatt i bruk under rettsoppgjeret etter 2. verds-krigen. Det var dei medisinske studia som vekte Scharffenbergs interesse for edruskapsspørsmålet og i 30-årsalderen gjorde han til fråhaldsmann. Han sette seg inn i faglitteraturen om alkohol, og konkluderte med at ein lege for sinnssjuke som ikkje var fråhaldsmann, ikkje gjorde plikta si. Og frå 1902 til 1933 var edruskapsarbeidet hovudinteressa hans. Han vart ein svært etterspurt foredragshaldar om alkoholspørsmålet, og vart medarbeidar i "Menneskevennen", bladet til DNT og i "Afholdsbladet", bladet til DNGTO, var medredaktør av "Folket" 1919-1934, i tillegg til at han skreiv eit utall artiklar i dagspressa. Avvisinga av alkohol hadde for Scharffenberg både medisinske og etiske grunnar. Alkoholen var skadeleg for hjernen, og dermed m.a. spesielt skadeleg for sinnssjuke og for barn og ungdom. Samtidig var fridom frå alkohol ledd i arbeidet for eit best mogleg samfunn. Vilkåret for størst mogleg lykke for individ og samfunn var nettopp å vere fri frå alkohol. Tilhøvet mellom alkohollovgjevinga og den personlege fridomen kom såleis til å bli det emnet som opptok Scharffenberg sterkast. Dess meir handlemåten vår blir avgjort av krefter i vårt eige sinn, dess friare er personlegdomen. Rus er ei midlertidig oppløysing av denne personlegdommen, og opphevar derfor fridommen. Totalt fråhald frå rusmiddel er den logiske konklusjonen. Mennesket har plikt til å vere fri, og å vere sann. Kunstig livsglede basert på eit narkotisk stoff, er i strid med fridomskravet.

Johan Scharffenberg kom med som medlem av Norges Studerende Ungdoms Avholds-forbund (NSUA) i 1905. Han var formann i organisasjonen i ei kritisk tid frå 1914 til 1917, og deltok på landsmøte i NSUA så seint som i 1962, 93 år gammal, med ei oppfordring om å halde fast ved "den alkoholfrie livsførsels velsignelse". Det var eit radikalt standpunkt å vere avholdsmann. Hovudinnsatsen sin på edruskaps-området gjorde Scharffenberg elles for å få til ei god alkohollovgjeving, han arbeidde aktivt for å få arbeidarrørsla til å sjå edruskapskampen som ein frigjeringskamp og å engasjere seg mot alkoholkapitalen.

I alt sitt opplysningsarbeid la Scharffenberg stor vekt på sakleg informasjon, sanning, sjølvstende og rettferd. Såleis var det og naturleg at han kom til å bli eit samlingsmerke i motstanden mot nazismen og okkupasjonen sommaren 1940. 2 kronikkar i Arbeiderbladet 25. og 28.mai under overskrifta "Vivere non est necesse - det er ikke nødvendig å leve" fungerte som ei oppfordring til befolkninga om motstand, og han vart hylla som ein av dei sentrale frigjeringsleiarane i mai-juni 1945.

Kjelder:

"Alles vel er vårt mål" (v/Arendt Midtbø). Oslo 1960
"Frihet - Sannhet" Festskrift til Johan Scharffenberg 1939
Johan Scharffenberg 1869-1969. Norsk tidsskrift om Alkoholspørsmålet nr. 3-4/1969
Sundet,O.: Johan Scharffenberg. Samfunnslege og stridsmann. Oslo 1977