Leif Vinsrygg

Leif Vinsrygg var med i NSUA-laget "Stella" på Frida gymnas, Sandane frå 1962, med i NSUA-laget "von" i Volda medan han gikk på lærarskulen, og vart NSUA sin riksinstruktør i 1967.

Bakgrunn

Eg hugsar godt då styremedlemer frå dei ulike elevlaga ved skulen kom rundt i klassane og fortalde om laga og inviterte oss til å bli med. Fråhaldslaget "Stella" var på den tid eitt av dei største laga, og for meg vart det eit naturleg val å bli medlem. "Stella" stod for mykje godt og lærerikt program. Studieringar med fordjuping i ulike emne, frå praktiske til teoretiske ting var særleg populært. Eg hugsar eg var med i ei gruppe som gjekk inn på rus-problema. Og som musikk-interessert var kurset "Lær å lytte til musikk" både triveleg og lærerikt. "Stella" arrangerte store festar med godt program, og vi reiste til Karistova der det vart halde kurs i alkoholspørsmålet. Det vart framhalde kor viktig sakleg kunnskap var, dersom vi skulle vinne fram i diskusjonane med alkoholbrukarane. Eg vonar namnet på eine førelesaren er rett, Steinar Opstad, når eg nemner han som ein drivande god lærar i så måte. Eg hugsar også at vi ofte fekk vitjing av ein lærar ved folkehøgskulen, Oddvin Lotsberg. Han var ein person med stor grad av humor og humør, og synte at det å vere fråhaldsmann slett ikkje var å vere "hengjehaud". Flotte, humoristiske kåseri opplevde vi både som artige og som oppbyggjande. Tida i "Stella" var ei god tid. Det var gjennom laget at eg kom til NSUA sitt påskekurs på Hugali i Valdres. Kva årstal eg var der første gongen, hugsar eg ikkje, men eg hugsar det flotte miljøet som vart skapt av "likesinna". Gjennom skigåing i Tyin-området om dagen og kurs med gode foredrag om kvelden, gjorde noko med oss som var der. Ein av deltakarane gjekk ein heil dag på ski i strålande sol med eit breitt smil om munnen. Smilet var så til dei grader breitt at då han om kvelden kunne slappe av, synte det kvite strekar der smile-rynkene hadde hindra sola å brune kinnet hans. Der var det drivkvitt! Eg hugsar også utsendingar frå Sverige sin søsterorganisasjon som gjorde sitt til å skape eit fantastisk triveleg samhald. To av forelesarane eg vil nemne er overlege ved ein Blå Kors-klinikk, Oscar Olsen, og forfattaren Kåre Holt. Det dei gav oss kunnskap og oppleving som sit i tanken enno.

Ferda vidare gjekk for min del til Volda Lærarskule. Då eg var ferdig der, i 1967, fekk eg spørsmål frå NSUA om eg kunne tenkje meg å bli riksinstruktør. Eg var klar over kva dette ville innebere, og eg tykte det var både spennande, litt nifst, og ei stor utfordring. "Sakleg kunnskap" skulle formidlast til ungdomar nokre få år yngre enn eg, og det var gymnas i Sør-Noreg eg skulle vitje. Stein Berg var forgjengaren min, og han fekk mykje å seie for opp-læringa mi. Eg vart send til "kursing" saman med andre instruktørar i andre fråhalds-organisasjonar, og då det var avslutta, fekk eg min "eld-dåp" på eit gymnas i Stavanger. Sjeldan har eg følt meg mindre enn då eg tok inn på eit stort hotell i olje-byen og skulle neste dag debutere som riksinstruktør, utsend frå Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund. Berre tittelen på organisasjonen kravde at ein var edru når tittelen skulle seiast fram! Først vart ein lysbildeserie synt for klassen, saman med lydband som fortalde kva personane på bileta gjorde og tenkte. Serien hadde tittel "Halda maskan". Det var svensk tale på lydbandet. Likevel trur eg ungdomane som høyrde, skjøna kva som var bodskapen. Han gjekk ut på kva alkohol og narkotika gjer med den som kjenner seg bunden og ufri på dans, og som så gjerne vil by opp jenta til dans. Han har hemningar som han grip til flaska for å få bort. Oppmodinga til dei lyttande ungdomane var klar: Hald deg edru, overvinn hemningane dine og vit kva du gjer, medan du veit kvar grensene dine går. Etter bileta og den svenske forteljinga, var eg open for dialog omkring det som hadde vore temaet. Eg lærte at det på den tid var mykje ukunne og mange rare oppfatningar av alkoholen sin verknad på kropp og sjel.Om eg klarte å "omvende" nokon, veit eg ikkje. Men eg heldt meg til kva vitskapen var komne til på det tidspunktet. Og tidspunktet var altså skuleåret 1967-68. Påska 1968 var eg igjen tilbake til Hugali. Og dette året hadde eg litt meir ansvar for gjennomføringa, etter som eg var riksinstruktør.

Kunnskapsprøven

NSUA stod i ei årrekkje for gjennomføring av ei kunnskaps-tevling omkring alkohol-spørsmålet og andre samfunnsspørsmål. Eg meiner at både ungdomsskule- og gymnaselevar var med på denne tevlinga, over heile landet. I periodar då eg ikkje var "reisande", tok eg meg av ein del praktiske ting omkring denne tevlinga. I tillegg til dette, skulle eg ha litt av ansvaret for korrespondanse til NSUA-laga rundt i landet. Riksinstruktøren hadde også ein god del oppfølgjing av laga i det området han reiste i. På den måten kunne han "slå to fluer" når han likevel var på eit gymnas. Då var det ofte kveldsmøte eller helgesamlingar i laget på staden.

Ski-instruktøren

På Voss, skibygda på Vestlandet, opplevde eg noko artig. Eg hadde teke inn på eit av hotella i sentrum. I hotellboka i resepsjonen skreiv eg namnet mitt og under tittel: riksinstruktør. Om kvelden var det avtalt at ein gjeng med ungdomar frå NSUA-laget skulle kome og ta kontakt. Dei gjekk til skranken i resepsjonen og spurde etter kvar eg budde. Stor var undringa deira då dei høyrde spørsmålet som vart ropt til ein medarbeidar:

"Kva for eit rom er det han ski-instruktøren bur på?" Dei var vane med at det var ski og slalåm det vart instruert i der i bygda.

Uteliggjaren

Ein annan gong var eg på Levanger. Eg budde på eit pensjonat ikkje så langt frå sentrum. Opphaldet mitt varde i fleire dagar. Eg hadde undervisning på gymnaset, i alle høve i to dagar, og så skulle eg vere med "laget" inn på ei hytte på eit week-end-kurs. For å kome dit, måtte vi bruke ski. Eg hadde difor med meg utstyr til dette, så bagasjen min var rimeleg stor. Koffert, ryggsekk, ski og diverse utstyr for å gjennomføre kurset, fann eg på gangen utafor rommet mitt, då eg kom tilbake til pensjonatet etter eit styremøte hos ei jente i styret. Eg var med andre ord kasta på gangen! Det er lett å skjøne frustrasjon, litt sinne, og litt fortviling som breier seg der og då. Ingen å ta kontakt med, alle søv, pensjonatet er fullt, kva skal eg gjere? Redninga blir å tusle tilbake til hybelen, banke på og få liggje på golvet i soveposen eg hadde teke med.

Forklaringa som leiinga for pensjonatet kom med neste dag? Jau, dei hadde trudd eg skulle reise dagen etter, og av di dei ikkje fekk kontakt med meg, trudde dei at eg skulle vere borte heile natta. Så dei hadde bore bagasjen min ut på gangen, slik at han som trong rommet, kunne få ei seng for natta. Dei bad sjølvsagt om orsaking for ubehaget dei hadde påført meg. Eigentleg var det berre artig å liggje på golvet på hybelen til den kjekke trønderjenta. Så, takk til pensjonatet for eit artig minne frå livet som riksinstruktør! Jenta trur eg å minnest heiter Kristin Smalås. Ei drivande flink jente i NSUA-laget.

Kameratgjengen

Det er naturleg at vi som heldt mykje saman dei åra eg snakkar om, vart ein samansveisa gjeng med felles interesser. Sjølv budde eg med Viggo Jørgensen det året eg var riksinstruktør. Medan eg var i Oslo, var opphaldsadressa mi husveret han hadde i Ringgata. Så tek eg med desse namna: Stein Berg, Gunnar Sørbotten, Rolv Tryggestad, Ragnvald F. Bertheussen og Knut Th. Reinås. Det var desse som støtta meg i arbeidet og var kjernen i NSUA sin organisasjon. Men eg tek også med Per Jon Odeen på Voss, moromannen som utmerka seg på Hugali med monologar og hermingar som fekk latterdørene til deltakarane på vid vegg. Besøket på Voss som eg nemnde, vart særleg morosamt med slike kapasitetar som Odeen i leiinga. Per Jon, du var stand-up-komikar mange tiår før moten eigentleg kom til landet vårt. Det var sjølvsagt jenter også med i NSUA. Anne Britt Hansen frå Lillestrøm var med på ein god del av det vi fann på, og ho var også med på Hugali, minnest eg.

Etterord

Åra etter eg var ferdig som riksinstruktør, var eg busett i tre år på Nordfjordeid, og der hadde eg og kona lærarjobb i kvar vår førsteklasse. Desse elevane fekk vi vere saman med i tre år. Då bar det heim att til Stryn, der eg har vore sidan. Eg har fått drive med fråhaldsarbeid i NGU og i MA, både i lokalavdelinga og i fylkeslaget. Den praktiske delen med gjennom-føring av ulike meisterskap, ratt-moped og sykkel, vart så interessant at dette heldt eg på med i over tjue år. Fylkeskommunen heidra kona og meg med trafikktryggings-prisen for året 2000. Det eg lærte i NSUA fekk eg god hjelp av. Arbeidet i NSUA og MA har tydd mykje for meg, og eg er glad for at eg fekk høvet til å gje eit handslag til to-tre organisasjonar som trengs.

Det trengs idealistiske organisasjonar enno meir i dag, ser det ut til, og eg ønskjer FMR (tidlegare NSUA) lykke til i åra som kjem.

Og når eg sit her og skriv dette tilbakeblikket, kan eg sjå bort på eit bord der ei vakker tinnskål står. Den fekk Eldbjørg og eg i bryllaupsgåve frå NSUA då vi gifta oss i 1968. Dei fleste av kameratgjengen var med. Eg vil nytte høvet til å helse alle som eg trefte på og fekk lære å kjenne gjennom åra i NSUA. Dei har gitt meg rike og varige minne!

Leif Vinsrygg, 6783 Stryn