Mix Anker Møller

Mix Anker Møller var NSUA sin første kvinnelige leiar i 1918.

Tove Kathrine Møller

Tove Mohr (tidlegare Tove Kathrine Møller) var aktiv både i NSUA sitt forbundsstyre i åra 1907 - 1910 pg Studentavholdslaget i Oslo, der som den første kvinnelige leiaren i 1911.

Frå det radikale miljøet på Thorsø herregård ved Fredrikstad kom 2 søstrer som begge kom til å sette tydelege spor etter seg i NSUA. Det var Mix Anker Møller (1896-1959), den første kvinnelege leiaren av organisasjonen. Ho var stud.jur då ho under forbundsmøtet i Haugesund i 1918 vart vald til leiar, og ho sat i leiarvervet i 2 år. Tidlegare hadde ho hatt ulike tillitsverv spesielt i studentavholdslaget i Kristiania, og var m.a. vald til formann hausten 1917, i ein vanskeleg periode for laget, m.a. på grunn av krigen. Men som det heiter i 50-årsskriftet: Ho gjennomførte eit program som fullt ut kunne måle seg med tidlegare tider, og " elles var foredraga svært allsiduge; dei femnde frå fredssaka til greske tenkjarar og frå "Drik og boligsak" til "Hvad tiden kræver av oss."" Mix Anker Møller vart cand.jur, og arbeidde deretter ei tid i Sosialdepartementet før ho gifta seg med skogeigar Otto Braathen i Sundsvall og etablerte seg i Sverige. Her døydde ho i 1959.

Søstera hennar, Tove Kathrine Møller (1891-1981), vart gift med anatomiprofessor og universitetsrektor Otto Lous Mohr, som i sine ungdomsår var ein av leiarane i Studentavholds-laget, og som også seinare var aktiv i edruskapsarbeidet, m.a. som leiar i Statens Edruelighetsråd frå 1938. Tove kom etter kvart til å bli den mest kjente av søstrene frå Thorsø. Ho kom også med i Studentavholdslaget i studietida, og var medlem av forbunds-styret i NSUA i åra 1907-1910. I 1911 vart ho vald til formann i Studentavholdslaget "Hun har den Ære at være den første Kvinde, som beklær Formandspladsen i en Studenter-korporation", sto det i ein avisnotis. I 1917 tok ho tok medisinsk embetseksamen. Snart kom ho til å markere seg tydeleg som dotter til den kjente framstegskvinna Katti Anker Møller, som ei sterk talskvinne både for edruskap og for ei liberal abortlovgjeving. Tove Mohr kom i 1922 med i straffelovkomiteen, og fekk snart ei lang rad offentlege oppdrag. M.a. var ho med og førebudde lov om edruskapsnemnder, og ho var med i Edruelighetskomiteen av 1947.

I 18 år var ho medlem av Oslo Edruelighetsnemnd, dei siste 4 som leiar. Ekteparet Tove og Otto Lous Mohr var i mange år eit par som på ein spesielt god måte representerte både NSUA og edruskapsrørsla i samfunnsdebatten.

Kjelder:

Tove Mohr: Katti Anker Møller - en banebryter. Tiden 1968
Øystein Søraa: Tove Mohr 70 år. Folket 28.febr 1961
Helland, Alv H.: Studentavhaldslaget gjenom 50 Aar. NSUAs forlag 1933