Sverre

Mildrid Lomundal Nesheim var med i NSUA-laget "Sverre" på Orkdal landsgymnas på byrjinga av 1960-talet, og sat i forbndsstyret i perioden 1967 - 1969. Her ser vi henne midt i biletet i første rad, på eit kurs som "Sverre" arrangerte på Haukeli. Som nummer 3 frå venstre i bakerste rad ser vi Eivind Hasle, hodvudredaktøren av denne historieboka. Heilt til høgre: Viggo Jørgensen, riksinstruktør.

Det var engasjement og idealisme. Vi hadde månadlege møte, og vi hadde studie-ringar. Vi vart etter kvart godt skolert i rusgiftspørsmål og i organisasjonskunnskap. Eg syntest, da som no, at det var så viktig at det var rart ikkje enda fleire valde å bli med i arbeidet mot rusgift. Ekstra stas var det når reiseinstruktør Viggo Jørgensen kom på besøk. Det var ein pust frå den store verda, frå hovudorganisasjon og hovudstad.

Fellesskap og vennskap er to stikkord når tankane går over 40 år tilbake. Vi møttest i "Sverre" og hadde ein fellesskap som eg har hatt med meg seinare. Eg merkar det dei gongane eg har møtt ein "Sverre"-medlem tilfeldig på livsvegen: Vi har noko felles som er der , ein vennskap som gir kontakt og gjer det så lett å prate saman, vi kjenner kvarandre.

Og når eg tenkjer på NSUA-laget "Sverre" er det ein person som stig fram og blenkjer: Lektor Sigmund Gjelsvik. Han heldt laget i gang, frå årskull til årskull, og han var der heile tida, til oppmuntring og støtte.

Så gjekk ferda sørover, til hovudstaden og studiar, og det var heilt sjølvsagt å bli med i Studentavholdslaget. Eg møtte nye venner og ein tett fellesskap, og eg kan ikkje hugse at eg opplevde noko særleg drikkepress i studietida. Eg hadde mine SA-venner, og vi hadde det utruleg artig saman.

Kva eg hugsar? Jau, påskeleir på Hugali! Der fekk vi møte kjende samfunnspersonar og kulturpersonar. Møtet med forfattaren Kåre Holt var sterkt! Og bøkene om kong Sverre, mannen frå utskjeret, vart lese i ekspressfart og med stor interesse. Det var sol og skiturar, kveldsprogram og svært korte netter -! Sterke vennskapsband vart knytta. Vi kjem stadig tilbake til påskeiren på Hugali når vi møtest, Nils Stavenes og eg. Våre vegar har møttest att: Vi bur begge i Gol, og Nils er medlem i styret for Hallingdal Folkehøgskule, der eg er rektor, så han er min arbeidsgjevar no.

Eg var og med i styret i NSUA ein periode. Gunnar Sørbotten var leiar og Ragnhild Sælthun Fjørtoft reisesekretær. Det var mange dyktige personar, både i styret "mitt" og i NSUA elles, og eg lærte utruleg mykje, og ikkje minst ansvarleg samarbeid. Det hender eg ser gode vener frå den gongen, som no har viktige samfunnsposisjonar, bli intervjua eller skrive artiklar/ kronikkar i riksmedia, og det kallar kvar gong fram gode og varme minne. Og møter eg nokon ein sjeldan gong, opplever eg kontakt og vennskap.

Eg er overtydd om at NSUA og det sosiale miljøet eg var ein del av, både i gymnastida og seinare som student, var avgjerande for mitt solide feste som fråhaldskvinne. Grunnlaget var lagt gjennom barnelosje og losje på heim-plassen min, Løkken Verk, men det å vere saman med, og ha eit heilt sosialt miljø av venner på min eigen alder, gav det trygge feste for framtidig liv som fråhaldskvinne.

Eg var med som medlem over i FMR, og stod skrive som medlem i mange år, før eg gjekk tilbake til IOGT som hovudbase for mi fråhaldstilknytning. Men eg vil takke dei som stod i brodden for FMR for godt og aktivt utadretta arbeid og mange interessante, lærerike og spennande artiklar i medlemsblad / temahefte. Like fullt:

Det er NSUA som er min organisasjon! Det var der eg hadde mi aktive organisasjonstid.

Samfunnsengasjementet sit i ryggmargen, og eg har vore kommunestyrerepresentant 17 år. Dei siste 13 i Gol kommune. Det har vore mange alkoholpolitiske nedturar gjennom desse åra, og det har gitt meg nokre refleksjonsstunder. Kva er det som gjer at det er heilt uråd å trengje igjennom med fornuftig og vitskapsbasert argumentasjon?

Ein "opptur", om eg skal kalle det det, har det likevel vore: For 6 år sidan fekk vi alkoholpolitiske retningsliner i Gol, som kommunestyret samrøystes vedtok, og etter det har det vore samrøystes avslag på utvida skjenkeløyve og skjenketid utover desse retningslinene. Eg har følt det som ei våpenkvile. Og i vår, med nytt kommunestyret, sprakk det: Skjenketida vart utvida med ein halv time, til halv tre. Hovudargumentasjonen var at Geilo hadde gjort det, og da måtte Gol følgje etter, viss ikkje mista vi turistar og konferansar. Eg trur ikkje på det!

Ja, ja - slik er det, og eg veit det sit mange kommunestyre- representantar rundt omkring som har dei same erfaringane.

Så får vi tru at det at vi er der, er ei stadig påminning om at vi er nokre som vil redusere, heller enn å auke, tilgjengelegheit og med det dei skadeverknadene rusgifter fører med seg.

Og kanskje, kanskje vi etterkvart får fleire med oss?

GRATULERER MED 100-ÅRS JUBILEET!

Mildrid Lomundal Nesheim, 3550 Gol