Marit Rekdal

Marit Rekdal var leiar for NSUA-laget på Tingvoll i 1969. Her i solveggen på påskekurs på Hugali i 1970.

Jostein Kallset kom tilbake til Tingvoll som lektor i 1959, og han fungerte ifølge Anders Tallerås som ein "mentor" for laget då Tingvoll NSUA-lag vart stifta , truleg i 1963. Anders Tallerås var ein sentral person i laget dei åra han var elev der, fram til 1967, og arbeidde m.a. saman med Magne Wullum og sunnmøringen Rolf Tryggestad. Seinare vart Anders Tallerås leiar av Studentavholdslaget i Trondheim, som hadde nokre gode arbeidsår rundt 1970. Tingvoll NSUA-lag var tatt opp igjen i 1969, og hadde då nokre svært aktive arbeidsår. Laget, med leiaren Marit Rekdal (Hoel) frå Sunndal i spissen, sto som vertskap for landsmøtet i NSUA i 1970, som vart arrangert på gymnaset.

Kommunen inviterte til lunsj, og lokalpressa gav fyldig dekning til arrangementet. Tingvoll kommune var også raus overfor dei aktive ungdommane med reisestøtte for deltaking på påskeleiren på "Hugali". Det mest spesielle og eineståande i NSUA-historia var likevel at laget på Tingvoll i 1970 også sette opp revy, med tittelen "Alle sammen liker lørdagskveld".

"Gode tekster var hovedårsaken til at revyen falt i publikums smak, men en del av aktørene var også på et høyt plan. Særlig bør framheves Eli Dalsbø og Eva Stensønes som hovedsakelig besørget syngingen", heiter det i eit avisreferat, truleg frå Tidens Krav.

Så er det da også interessant å merke seg kven som deltok: leiar var Magne Moen, instruksjon og regi hadde Anne Marie Myklebust, ved pianoet sat Gunnvor Hals, og ved sidan av songarane Eli Dalsbø og Eva Stensønes medverka Marit Rekdal, Sidsel Scheide, Kari Todal, Synnøve Almvik, Inger Bakken, Jostein Bjørndal, Kristian Ormseth og Nils Kåre Vedvik.