Direkte reklame for alkohol

30 forskingsprosjekt var refererte denne tilfeldige datoen 20.07.2007. Det overraska meg at heile åtte av desse 30 prosjekta var direkte reklame for alkohol! Til dømes at ”jordbær blir sunnere med alkohol”, at ikkje berre rødvin, men også kvitvin, øl og sprit er bra for helsa. Vidare står det at folk over 70 som drikk alkohol, lever lenger. ”Slank med drink”, heiter eitt oppslag, og ”Vindrikkere velger sunnere matvarer” eit anna.

Eg les vidare. Fylgjande står under overskrifta ”Rangerer narkotiske stoffer”: ”Alkohol og tobakk er mer skadelig enn cannabis og ecstasy, konkluderer britiske forskere”. ”Då må vel cannabis og ecstasy vere endå sunnare enn alkohol?”, tenkjer kanskje 15-åringen.

Brukarrettleiing

Han vil finne fleire brukarrettleiingar for rusgifter blant desse tretti oppslaga. Til dømes ”Høy lyd forsterker ecstasy” og ”Ost + vin er usant”. Eit ekspertpanel har sagt at ost og vin ikkje passar saman likevel. Ein artikkel fortel om kvar du kan finne fleinsopp i Noreg, og under overskrifta ”Tåler mindre alkohol i varmen” står det at ”Det lønner seg å ha det litt kjølig hvis du vil unngå å bli for full”. Så finn vi at ”Alkohol og energidrikker ser ut til å være en super kombinasjon. I hvert fall hvis målet er å bli fullere enn du tror”.

15-åringen vil også få vite om forskingsprosjektet ”Lørdagsnarkomane” som er starta i Trondheim. Slik blir det presentert: ”Nå tar hun for seg stoffmisbrukere som ikke er avhengige. De som bruker heroin, amfetamin eller cannabis kun i ferier og helger. Akkurat som andre bruker alkohol. - Generelt er de etablerte mennesker, både aldersmessig, sosialt og økonomisk, forklarer Åslid. De er reflekterte, med høyere utdannelse. De har gode jobber og sterke familiebånd. De har brukt narkotika i mange år, og de visste tidlig at de ville prøve stoff.”

Åtvarar dei unge mot rusgiftbruk?

Til no har eg omtalt omlag halvparten av dei tretti oppslaga om alkohol og narkotika på ”Forskning.no”. Og no trur du at resten åtvarar mot rusgift? Feil! Dei neste fem artiklane skriv direkte positivt om stoff. Tre heile artiklar handlar om gode opplevingar med psykedeliske og hallusinogene stoff. To andre argumenterer for medisinsk bruk av ecstasy og fleinsopp, og den femte handlar om cannabis mot leddgikt. Eg blei glad då eg fann ein artikkel som åtvara mot cannabis, men datt saman igjen då forfattaren starta med: ”De fleste må vel være enige om at rus kan være ganske moro fra tid til annen”. Dette er det nemleg 15-åringen legg merke til. Ikkje at forsøkspersonane som hadde røykt marihuana lenge, berre hugsa 7 av 15 ord i ein test.

Så langt altså 21 av dei 30 prosjekta som redaksjonen fann det verdt å referere i juli 2007. Til målgruppa ”unge voksne fra 15 år og oppover”.

Forsking og politikk

Men vi er ikkje ferdige med dette. Det neste oppslaget heiter ”Narkotikapolitikk og folkelig fornuft”. Eg klikkar meg spent inn på sida. Der ynskjer ein norsk forskar å finne ut om det verkeleg er slik at ”tilbud øker etterspørselen”, om ”legalisering vil føre til mye større problem enn det vi har”, og om ”straff fungerer avskrekkende”. Ikkje noko mindre! Denne forskaren går inn i undersøkinga med klare haldningar. Sitata får tale for seg.

"Dette har gjort at det har vært vanskelig å få til forskning på rekreasjonsbruk av narkotika – omfang, hvordan folk mestrer og håndterer det, og hva som kan være god rekreasjonsbruk.» Vidare seier forskaren: «Fordi det ikke finnes noen seriøs diskusjon om alternativer til dagens regulering av narkotika, har vi ikke noe kunnskapsbasert strategi for hvordan vi eventuelt kan legalisere bruk og regulere. Jeg mener vi aktivt bør søke alternativer der vi tydelig etablerer et skille mellom sosiale og psykologiske problemer og kriminell virksomhet."

Og så prøve å late som om forsking ikkje er politikk!

Uetisk forsking eller uetisk formidling?

No må eg kome meg vidare på desse tretti oppslaga. Eg har sju artiklar att. Oppslaget ”Usynlig teater” legg vekt på at det er uetisk å observere bartendarar som ikkje veit at dei er med i eit forskingsprosjekt. At forskarane i dette tilfellet fann at 4 av 5 bartendarar skjenkar tydeleg påverka personar, kjem som ei lita bi-sak heilt til slutt. Hovudpoenget er det ”uetiske” i prosjektet!

Vi må vel nærme oss noko rusgiftførebyggjande snart? Eg har seks oppslag igjen. ”Dublins penger er fulle av dop” fortel at alle dei undersøkte setlane i eit forskingsprosjekt hadde spor av kokain. ”Alle dopar seg” tenkjer truleg 15-åringen når han les dette. Så har vi eitt om ei lærebok som framstiller tradisjonelle kjønnsroller med omsyn til rusgiftbruk. Det neste oppslaget seier at ”Fylla, ikke alkoholisme har skylda”. Forskarar i New Mexico har funne ut at det ikkje er alkoholismen, men fylla som står for flesteparten av problema som alkoholen fører med seg. (Det er ikkje så farleg om du blir alkoholist, berre du ikkje drikk deg full, kan kanskje 15-åringen tenkje her).

Ein artikkel handlar om at forskarar har funne ut at førebyggingsprogrammet ”Unge og rus” som skal brukast av alle ungdomskoler i Oslo, er utan dokumentert verknad. Konklusjonen bør vel då bli: Slutt med det! Eit førebyggingsprogram som forskarane ikkje finn effekt av, er vel bortkasta? Problemet er at det faktisk er svært vanskeleg å dokumentere førebyggingseffekt! Den lar seg ikkje så lett fange inn av forskaren sine kategoriar og omgrep! Til det er verda altfor kompleks!

Endeleg nokre åtvaringar

No har vi to oppslag igjen på ”Forskning.no” Endeleg to oppslag med åtvaringar! ”Alkohol og røyk kan forsere tarmkreft”, står det. Det skremmer sikkert vettet av 15-åringen!

I den siste artikkelen ”Sår tvil om helsegevinst av alkohol”, er det forskingsmetodiske diskusjonar det dreier seg om. Burde tørrlagde alkoholikarar ikkje ha vore med i kontrollgruppene i granskingane om alkoholen sin helsegevinst?

Dette var alle dei tretti oppslaga om rusgift på ”Forskning.no” den 20. juli, 2007. Eg kan ikkje late vere å tenke på ei reklame for tobakk frå 30-åra, der ein lege varmt anbefalar tobakk som medisin mot astma! Så vil eg avslutte med eit søtt lite klipp frå ei vinspalte: ”Dette er en vin med dufter av plommer og moreller, lær, lakris og sjokolade. Den har en dyp rubinrød farge og sødmefull frukt, samt runde tanniner, høy alkohol og god fylde. Avslutningen er lang og varm.” I tilfelle 15-åringen vår skulle lese vinspalter!

(Forfattaren er lærar i grunnskulen).