#PIC#

Nils Stavenes kom med i NSUA først på Lillehammer i 1962 og seinare i NSUA-laget "Hugheil" på Voss landsgymnas frå 1967. Han vart den første redaktøren av tidsskriftet Mot Rusgift i 1972.

Seinare, dvs. hausten 1965, då eg tok til på Voss Landsgymnas, fekk eg med eit par andre og fekk liv i gymnaslaget "Hugheil" som då låg nede. Laget vart aktivt, skipa til turar, dansefestar og kurs; hadde i periodar opptil 20 medlemmar. Me hadde besøk av fleire sentrale folk og riksinstruktør. "Hugheil" var med og prega miljøet på skulen og var ei viktig motvekt til andre delar av miljøet. Eg gjekk ut i 1968.

Påskekursa på "Hugali", Vestre Slidre, var store opplevingar på mange måtar; berre å få treffa personlegdomar som Kåre Holt, Olav Sundet m.fl. er minne for livet. Kursa heldt også fagleg høgt nivå, gav innsikt og verka sterkt organisasjonsbyggande. Sosialt topp.

Eg kom hausten 1968 til Oslo og vart med i Studentavholds-laget (SA). Var leiar eit par periodar og fekk til utvekslingsbesøk med SSUH/Kenth Karlsson i Gøteborg.

Ei svært gjevande tid! Hugsar kurs på Sinober og sommarleir i Sunndalen.

Eg vart vald inn i sentralstyret, var med då namnet vart for-andra til "Forbundet mot rusgift". Hadde ansvar for dei første nummera av aksjonsavisa "Mot Rusgift". Det var ein aktiv periode med aksjonar på gata og i studentmiljøet, og politiske diskusjonar i sentralstyret.

I 1969 var eg utsending til kurs i Århus. På det kurset møtte eg Tone som representant for DNTU. Me gifta oss i 1970. Eg var i Oslo fram til juli 1974.

I ettertid ser eg tydeleg kor mykje det har hatt å seia for mi personalege utvikling at eg kom med i NSUA. Det gav meg ei klar forankring i fråhaldsstandpunktet som eg framleis har.

Den skoleringa eg fekk i organisasjonskunnskap og samfunnsspørsmål har vore til stor nytte i seinare organisasjonsarbeid og politisk verksemd på både kommune- og fylkesnivå. I tillegg og ikkje minst alle dei hyggelege menneska eg fekk møta og alle venene eg fekk!

Eg er framleis medlem og oppteken av fråhaldssak.

Beste helsing Nils Stavenes, 3550 Gol