Ragnar Vogt

Ragnar vogt - første formannen i NSUA

Ragnar Vogt var den første formannen i NSUA, frå starten i 1904 til 1907, og så ein ny periode igjen frå 1910 til 1913.

For ein organisasjon som ønskte å endre holdningane til alkohol blant studentar og akademikarar, var Ragnar Vogt "en stille lærer for tenkende og søkende sinn. Han skapte større aktelse og forståelse for avholdssaken i akademiske kretser, og gjennom dem vil hans gjerning fremover i tiden sette spor i folket."

Slik karakteriserer Johan Scharffenberg forgjengaren sin som leiar i NSUA. Ragnar Vogt var fødd i Tvedestrand, og vart ein topp utdanna lege med studiar både i Noreg, Danmark og Tyskland. Han spesialiserte seg i psykiatri og alkoholistbehandling, og vart i 1915 landets første professor i psykiatri. Stillinga som overlege og professor hadde han til han gjekk av i 1940.

Fråhaldsmann vart han som vaksen, under studieopphaldet i Heidelberg i Tyskland i 1898, under påverknad av professor Kraepelins eksempel og påverknad, og under inntrykket av undersøkingane som vart gjort ved klinikken av alkoholens verknad på hjernen. Vogt kom sjølv til å bidra til desse undersøkingane gjennom eigne forsøk med verknaden av små alkoholdosar på minnet. Den nye forskinga gav sterk støtte til ei konsekvent avvisning av alkohol som nytingsmiddel. Samtidig var det viktig for Vogt å understreke at i tillegg til dei medisinske kunnskapane var det framleis dei psykologiske som var viktigast: at bruk er årsak til misbruk, at eksemplets makt er viktig, og at "dei måtehaldne er forførarane." Då Ragnar Vogt kom igjen frå utlandet, sa han ja til å vere formann i Studentenes avholdsforening frå 1901-1904, og deretter tok han altså på seg leiarvervet i NSUA. Med Ragnar Vogt vart det ein av landets aller fremst legar og alkoholforskarar som kom til å prege den nye organi-sasjonen og sette ein standard for synspunkta og argumenta derifrå. I tillegg til ei lang rad vitskapelege arbeid og offentlege oppdrag han hadde som fagperson, var han og livet ut ein aktiv fråhaldsmann, m.a. som foredragshaldar, medarbeidar i "Menneske-vennen" (bladet til Det Norske Totalavholdsselskap), medlem av Landsrådet for edruelighets-undervisning, tilsynslege ved Hvite Bånds kursted på Jeløya, og aktiv deltakar på internasjonale kongressar om alkoholspørsmålet.

Men viktigare enn dei medisinske synspunkta vart meir og meir dei etiske. Han ønskte å sjå dei mange sidene av livet "under evighetens synspunkt". Totalavhold var ikkje berre ei føremålstenleg leveregel, men eit etisk krav. Liv og lære måtte fungere saman. Meir enn dei fleste makta Ragnar Vogt å leve opp til eit slikt krav.

Kjelder:

Scharffenberg, J.: Ragnar Vogt. (I "Alles vel er vårt mål. 21 profilar i norsk edruskapsrørsle.") Oslo 1960
Johan Scharffenberg, Ragnar Vogt, Sven Aarrestad. Biografier. Bibliografier.
Landsrådet for Edruelighetsundervisning 1948
Sundet, Olav: Ragnar Vogt - Norges første professor i psykiatri. Oslo 1980