Jostein Kallset

Jostein Kallset var lektor ved Tingvoll Gymnas frå 1959, forbundsleiar 1955-57 og mentor for NSUA-laget der opp gjennom 60-talet.

"Det var ein tannlege på Tingvoll som rådde meg til å ta gymnaset på Voss. Eg har vakse opp i ein avholdsfamilie, og det var ein aktiv IOGT-barnelosje og losje i Torjulvågen då eg vaks opp. Men det var på Voss eg vart kjent med NSUA. NSUA-laget "Hugheil" var aktivt då eg var på Voss 1946-49, og ekteparet Tylden var viktige kontaktpersonar for oss. Lektor Per Tylden studerte til doktorgrad langsmed, og vart seinare professor i norsk i Trondheim. På møte i "Hugheil" var det ikkje uvanleg at 30-40 personar deltok.

Etter eit halvtårsvikariat på framhaldsskolen på Veidholmen på Smøla og deretter på ein 3-delt folkeskole i Ballangen, bar det til Oslo for å studere. Der kom eg med i NSUA igjen. Det var ein del styr med pengar som var innsamla til ein alkoholfri studentheim, og desse pengane prøvde vi å få plassert i ei eiga avdeling då studentbyen på Sogn skulle byggast, men det vart ikkje noko av. I 1951 vart eg landsstudieleiar i NSUA, og samtidig vart eg med i styret i Studiesamnemnda. Det var ganske mange studieringar og kurs rundt om i laga. Mange av dei dreidde seg om generelle samfunnsspørsmål. Det viktigaste kurset var studiekonferansen vi arrangerte på

"Hugali" i Valdres. I tilknytning til den vart det også etter kvart arrangert lands-møte i NSUA. Dette var økonomisk gunstig, for det gav statlege tilskott til opphald og reise. I perioden 1955-57 vart eg formann i NSUA. Vi hadde ein sekretær, og elles var det fleire dyktige med i styret, som Bjørn Stigum og Sigurd Birkelund. Erling Sørli var ein god støttespelar i Landsrådet for Edruskapsundervisning. Eg hadde og ein del kontakt med Øystein Søraa i "Folket". Det var lite av reising rundt om i landet. Vi hadde ikkje så mange lag i NSUA i mi formannstid. Studentavholdslaget i Oslo var fundamentet. Mesteparten av arbeidet mitt dreidde seg om å samordne aktiviteten, og å legge tilrette for landsmøte og studiekonferanse. Eg meiner å hugse at vi også hadde eit landsmøte på Torshus folkehøgskole i Orkdal, og at ekteparet Ræder frå Orkdal landsgymnas der var sentrale som støttespelarar.

Etter pedagogisk seminar tok eg tysk hovudfag, og så vart eg tilsett som lektor ved Tingvoll gymnas i 1959. Og her var det då utover på 1960-talet eit svært aktivt organisasjonsliv, med kristeleg skolelag, elevmållag og NSUA-lag. M.a. hugsar eg at rektor Bjarne Slapgard frå Folkehøgskolen i Surnadal fleire gonger var her og heldt gode talar."

Intervju med Eivind Hasle 19/2-04