Studenternes afholdsforening

Stiftingsmøtet for NSUA vart halde i Studenternes afholds-forening i Kristiania. Denne foreininga var i 1904 over 20 år, etablert alt 25.april 1883, og er omtala som det eldste studentfråhaldslaget i verda. Studenternes afholdsforening hadde sidan starten vore eit lokallag i Det norske totalavholdsselskap (DNT). Det var den store organisatoren og legen Oscar Nissen som sto bak stiftinga av Studenternes afholdsforening. Han var på denne tida - frå 1879 til 1887 - for-mann i Det norske totalavholdsselskap, og sto i spissen for ei enorm organisasjonsutvikling i fråhaldsrørsla, som organisa-sjonsleiar, og som redaktør av bladet "Menneskevennen" 1879 - 1883. Han var og ein anerkjent lege og spesialist i kvinne-sjukdommar. Seinare vart han som kjent leiar i Det norske arbeiderpartiet, 1906 - 1911.

I Afholdsvennernes Aarbog 1902 har stud.med Idar Handagard ein artikkel om "Afholdsarbeidet ved Kristiania Universitet." Den startar slik:

Det er en eiendommelig foreteelse i vort land, at det moderne afholdsarbeide tæller kun faa talsmænd inden den akade-miske verden. Det er folkeskolelærerne, som hos os har udfoldet det ihærdigste arbeide foir afholdssagen og givet arbeidet dets præg. I flok og følge har de meldt sig ind i afholdsforeningerne og goodtemplarlogerne og overtaget ledelsen der. Dette er deres uvisnelige fortjeneste. Imedens har de akade-miske borgere staaet ledige paa torget.

Ganske anderledes var det med den bevægelse, som i Norge gik forud for totalafholds-bevægelsen, nemlig arbeidet for at afskaffe og udrydde brændevinet. Her finder vi en rekke akademiske navne og det af de bedste og fremragende, som landet overhovedet har eiet. - - -

Handagard skildrar korleis stiftinga av Det norske totalavholdsselskap i 1859 hadde gjort at edruskapsarbeidet hadde nådd ut til dei breie lag av befolkninga, medan "studenterne (er) sunkne ned i en sløv ligegyldighed for et af tidens mest dybtgribende sociale spørsmaal." Men Oscar Nissen fekk altså stifta "Studenternes Totalafholdsforening" i 1883, etter at totalfråhaldssaka først var drøfta i "Den theologiske Forening". 7 studentar kom med frå starten, og innan året 1883 var slutt, hadde foreininga 15 medlemmar. Møta vart den første tida halde på "Studenterhjemmet", med foredrag om alkoholspørsmålet "av tidens mest anseede afholds- og ædruelighedsvenner." Legen Oscar Nissen var ein populær og gjestfri støttespelar, og elles nemner Idar Handagard spesielt professor i hygiene, dr. Lochmann "hvis ord øvede en mægtig indflydelse baade ved universitetet og udover det ganske land." Han heldt m.a. eit foredrag i 1896 "Om Alkohol", der "han omtalte denne som i enhver henseende unødvendig for den menneskelige organisme." Studenternes afholdsforening hadde også god kontakt med stortingets avholdsgruppe, ved at stortingsmennenes ofte deltok på møta og i debattane.

Medlemsutviklinga var positiv fram til 1891, då laget hadde 80 medlemmar, dei fleste teologar. Etter nokre mindre aktive år første på 1890-talet tok aktiviteten seg opp igjen, med offentlege foredrag av kjente personar, ved foredragsverksemd frå studentane ("74 foredrag i 27 afholdsforeninger og 5 goodtemplarloger " i 1895-96), og ved spreiing av små- skrifter. Laget bygde opp ei boksamling, m.a. ved støtte frå DNT og IOGT, og heldt ei lang rad norske og utanlandske fråhaldsblad. Og særleg frå hausten 1901 går Student- avholdslaget inn i ein aktiv periode, ved at dr. Ragnar Vogt i ein treårsperiode tar på seg formannsvervet. Ei rekke offentlege foredrag blir haldne, m.a. om medisinske sider ved alkoholspørsmålet, og om alkoholpolitikken.

Nordisk studentfråhaldsrørsle

I tillegg til det fotfestet fråhaldssaka alt hadde fått ved Universitetet i Kristiania, må nemnast at edruskapsarbeidet blant studentar var del av ei internasjonal rørsle. Våren 1903 fekk Studenternes afholdsforening brev frå den svenske studentavholdsrørsla, som var grunnlagt i Uppsala i 1888, og fekk ei nasjonal organisering i 1896 (Sveriges Studerande Ungdoms Helnykterhetsforbund (SSUH)). Med brevet var ein invitasjon til norske kameratar om å delta på den svenske studentavholdsrørslas årsmøte i Jønkøbing i juli 1903. Det må her nemnast at Danmarks Studerende Ungdoms Afholdsforbund (DSUA) fekk sitt første lokallag i februar 1903, og fekk ei nasjonal organisering i 1904. I Finland kom det første studentfråhaldslaget, ved universitetet i Helsinki , i 1886, og i Sveits, Tyskland og Østerrike fanst også slike lag.

Stiftingsmøte og første arbeidsår

Studenternes afholdsforening sette 30.september 1904 ned ein komite som fekk som mandat "til at arbeide for stiftelsen af afholdsforeninger ved seminarer, gymnasier og tekniske skoler / dannelsen av et avholdsforbund for den studerende ungdom i Norge". IOGT støtta arbeidet med pengar, og alt 14.november låg det føre framlegg til lover og opprop, slik at "Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund" kunne bli skipa. Lovutkastet vart lagt fram og vedtatt, og styre vart vald. 8 personar deltok på skipingsmøtet.

Desse personane kom med i det første styret: Dr. med Ragnar Vogt var sjølvsagt som den første formann, og elles vart stud.jur Bjarne Didriksen viseformann og kasserar, stud.jur. Haakon Duckert sekretær, og styremedlemmar vart stud.teol Ivar Aasen, og seinare også adjunkt Lars O. Jensen. Det bør elles nemnast at ein av dei som hadde bidratt mest til etableringa var Halfdan Duckert. Han fekk eit svensk "reisestipendium" på 25 kr for å delta på den nordiske konferansen i Jønkøbing der Nordens Studerende Ungdoms Avholdsforbund vart etablert. Det nordiske forbundet fekk ikkje lang levetid, men var viktig fordi det var utgangspunktet for at det vart laga særskilde forbund i dei enkelte landa. Halfdan Duckert la ned mykje arbeid i førebuing til etableringa i Noreg, men vart alvorleg sjuk og døydde like etter stiftinga av NSUA.

Etter at NSUA var stifta, melde Studenternes avholdsforening seg raskt ut av Det Norske Totalavholdsselskap og inn i NSUA med sine 31 medlemmar. Innan året var ute, hadde organi-sasjonen også fått 17 medlemmar frå foreininga "Mimer" i Bergen, og i januar 1905 fekk NSUA 18 medlemmar frå Trondhjemteknikernes avholdsforening, og 41 medlemmar frå Hamar lærerskoles avholdslag. NSUA fekk raskt laga sitt eige merke, ei 5-takka stjerne, og fekk sendt ut lover. Dei økonomiske problema var store, men laget fekk 100 kr i støtte frå IOGT og heile 500 kr frå Kyrkjedepartementet. Ca 200 medlemmar fekk laget i det første arbeidsåret sitt.