Først og fremst dreier ho seg om Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund (NSUA), som i 1973 tok namnet Forbundet Mot Rusgift (FMR). Denne organisasjonen vil vi prøve å gi eit bilde av frå starten i 1904, og følgje gjennom skiftande tider fram til hundreårsjubileet.

Då blir historia samtidig ei historie om personar lokalt og sentralt som har markert seg ekstra i organisasjonen, og hatt denne ungdoms- og studentorganisasjonen som eit viktig forum for læring og utvikling, for vennskap og trivsel. Mange av desse personane har seinare, i vaksen alder og i yrkeslivet, hatt med seg kunnskapen og impulsane slik at det på avgjerande måtar har prega familielivet, yrkeskarrieren og samfunnsengasjementet deira.

Samtidig er denne historia om NSUA del av edruskapsrørslas historie, ei historie som i vårt land går om lag 150 år bakover i tida, og som også har klar samanheng med historia til folke-rørslene og det frivillige organisasjonsarbeidet. Denne "assosiasjons-historia" starta rundt midten av 1800-talet. Fråhaldsorganisasjonane, som særleg vaks fram i perioden frå 1859 og dei næraste 50-60 åra etterpå, høyrer med i den første store gruppa av frivillige organisasjonar, saman med dei kristelege organisasjonane, dei politiske partia, fagrørsla og norskdomsrørsla. Innanfor edruskapsrørsla har NSUA aldri vore nokon stor organisasjon, men likevel hatt ei spesiell rolle når det galdt å spreie oppdatert kunnskap om rusproblema. I ein helsingstale til IOGTs verdskongress i Oslo i 1914 uttrykte NSUA-formannen Johan Scharffenberg NSUAs rolle slik: "Vi er små, men vi vil gjerne være dvergen som rekker våpnene til kjempen."

Men NSUA eller FMR har samtidig klar tilknytning til utdannings-Noreg, og veksten i utdannings- og opplæringstilbod for ungdom. Det er interessant å sjå korleis NSUA og FMR greidde å utvikle seg som organisasjon, samtidig med at utdanning og opplæring vart tilgjengeleg over heile landet og gjekk frå å vere eit privilegium for dei få til ein rett, og etter kvart ei nødvendigheit - for alle. I kva grad greidde NSUA/FMR å utvikle seg i takt med utbygginga av opplæringstilboda? Og i kva grad spreidde organisasjonen seg over alle delar av landet? Kan vi sjå utslag av organisatoriske skilnader, kulturforskjellar og kulturutvikling i landet? Harmonerte t.d. ideologi og arbeidsmåtar betre til ungdom frå distrikts-Noreg enn frå byane, og betre til ungdom frå Nordvestlandet enn frå det sentrale Austlandsområdet?

Og kanskje aller viktigast: I kva grad fungerer organisa-sjonen fram mot vår tid i tråd med den kulturelle utviklinga i vekst- og velferdssamfunnet og samfunnets (tvetydige?) krav til skolen om holdningsskapande arbeid for ein sunn og god livsstil ? Og i kva grad legg lokale og nasjonale styresmakter til rette for at den frivillige organisasjonen og den ungdommelege innsatsviljen aktivt blir nytta som læringsarena og som verktøy i arbeidet for ein sunn og helsefremjande livsstil? Eller har dei kommersielle og rusliberale kreftene i elev- og studentmiljøa, og i samfunnet generelt - blitt så sterke at det er bortimot umogeleg å halde oppe eit aktivt og frivillig elev- og studentbasert rusførebyggande arbeid i vidaregåande opplæring og på universitet og høgskolar?

Slik sett kan eit hefte om fortida kanskje også stimulere til ein debatt om notida og framtida!

Og for dei som vil følgje med nærare kva som skjer i FMR i dag og framover, gjer vi spesielt merksam på nettstaden til FMR: www.fmr.no

Når det gjeld arbeidet med heftet, har Eivind Hasle vore hovudredaktør og hatt spesielt ansvar for del I og II av heftet, Knut T. Reinås har skrive del III, og Birkelund, Sørli, Hasle og Reinås har samarbeidd om oversiktene over namnelister for styremedlemmar.

Eivind Hasle