Karl Marthinussen

Karl Marthinussen kom med i NSUA i Bergen, og vart med i forbundsstyret i perioden 1911 og 1912.

Karl Marthinussen kom som ungdom i Bergen med i NSUA, og han vart raskt ein av dei berande i organisasjonen, som tillitsvald og som ideolog og agitator. Han rekna seg som NSUA-itt heile livet, men samtidig vart han ein hovud-talsperson for heile fråhaldsrørsla så lenge han levde og til han døydde, på foredragsturne for fråhaldsrørsla.

Karl Marthinussen vart fødd i Bergen, utdanna seg til teolog, og var prest i Bergen fram til 1949, og deretter biskop i Stavanger. Stud. teol Karl Marthinussen vart vald inn i lands-styret i NSUA under landsmøtet i Stavanger i 1911, og kom også med i 1912. Alt i studietida reiste han på foredragsturne for NSUA, og stifta eller gjenopplivde lag. Seinare rekna han seg alltid som NSUA-itt, og stilte ofte opp når orgnisasjonen hadde behov for støtte. Då NSUA i 1924 etablerte seg med "fylkesformenn" som skulle danne nye lag og hjelpe dei eksisterande, er det t.d. pastor Karl Martinussen som står oppført som fylkesformann i Hordaland.

Karl Marthinussen vart ein av dei aller fremste i landet til å målbere edruskapsrørslas synspunkt i tale og skrift. I tillegg til gjerninga si som ein svært samfunnsaktiv teolog, gav han ut ei lang rekke bøker, m.a. eit 3-bindsverk om "Store menn i tankenes verden", og om edruskapstanken spesielt "Kampen for en stor tanke" og "Glasset i skjønnhet." Heftet hans om "Hvorfor avholdsmann?" vart trykt opp og spreidd i store opplag. I mange år var han medlem av

Statens Edruskapsråd, og for samfunnsinnsatsen sin fekk han ikkje berre NSUAs gullstjerne, organisasjonens høgste ut- merking, men han vart i 1963 også utnemnt til kommandør av St. Olavs orden.

Kjelder:


"Øystein Søraa: Karl Marthinussen
Minneord. Folket 5. juni 1965